Det armenske høglandet

Det armenske høglandet er ein del av Det transkaukasiske høglandet og utgjer forlenginga av fjellområdet Kaukasus, som òg vert kalla Aust-Armenia. Det meste av Det armenske høglandet ligg i Tyrkia, og ein liten del ligg i Iran. Så godt som heile Armenia ligg derimot innanfor Det armenske høglandet, og området strekkjer seg òg inn i vestlege område av Aserbajdsjan

Det armenske høglandet
fjellkjede
Det armenske høglandet nær den tyrkisk-iranske grensa
Land  Armenia,  Aserbajdsjan  Georgia,  Iran  Tyrkia
Del av Alpide belt
Høgaste punkt Ararat
 - høgd 5 137 moh.
 - koordinatar 39°43′N 44°16′E
Areal 400 000 km²
Kart
Det armenske høglandet
39°17′1″ N 43°22′19″ E
Satellittbilete
Satellittbilete
Satellittbilete
Wikimedia Commons: Armenian Highland

Det totale arealet av området er om lag 400 000 km²[1]. Det høgaste punktet er fjellet Ararat på 5 165 meter. Området er ei blanding av lavaplatå, vulkankjegler og fjellkjeder med fjellstepper og halvvegs ørkenområde. Ein har fleire innsjøar i tektoniske fordjupningar (Sevansjøen, Vansjøen, Urmiasjøen). Sjølv om namnet ofte dukkar opp i internasjonale atlas, vert ikkje namnet brukt av Armenia sine naboland på grunn av politiske og historiske årsaker.

Aprikosen er ein naturleg del av Det armenske høglandet, og i antikken vart han kjend som den armenske frukta. Det botaniske namnet er Prunus armeniaca, som kjem frå det latinske namnet for aprikos, armeniacum, som enkelte vitskapsfolk har knytt til det akkadiske namnet armanu. [2]

Kjende fjelltoppar endre

 
Artos ved Vansjøen frå Akdamarøya
Nr. Fjell Primærfaktor Stad
1 Ararat 5,137 m   provinsen Iğdır
2 Aragats 4,095 m   provinsen Aragatsotn
3 Süphan 4,058 m   provinsen Bitlis
4 Kapudzhukh 3,906 m   Syunik,   Ordubad
5 Azhdahak 3,597 m   provinsen Gegharkunik
6 Kezelboghaz 3,594 m   provinsen Syunik
7 Artos 3,515 m   provinsen Van

Kjelder endre

  1. Encyclopædia Britannica. 2007. Encyclopædia
  2. Raphael A. Ishkhanian, On the Origin and Earliest History of the Armenian People, trans. N. Ouzounian, (Montreal, 1989) 48; Raphael A. Iskhanian, Bnik hayeren paer ew hnaguyn p’okhar’ut’yunner (Yerevani Hamalsarani Hrat. 1989) 56.

Koordinatar: 39°17′1″N 43°22′19″E