Det internasjonale Nansenkontoret
Det internasjonale Nansenkontoret (Office international Nansen pour les réfugiés) var eit organ oppretta av Folkeforbundet i 1930 og hadde som føremål å vidareføra den nyleg avdøde Fridtjof Nansen sitt arbeid for flyktningar, som han hadde organisert i 1921. Nansenkontoret hadde hovudsete i Genève i Sveits.
Det internasjonale Nansenkontoret | |||
Skipa | 1930 | ||
---|---|---|---|
Oppløyst | 1939 |
Nansenkontoret tok opp flyktningsaker i Frankrike, Syria, Jugoslavia, Hellas, Tyskland, Bulgaria, Tsjekkoslovakia, Tyrkia, Romania, Sveits og Kina. Det gav flyktningar nansenpass, ordna visum, skaffa bustad og arbeid, og hjelpte til med mat og medisinar. Rundt ein tredel av verksemda til kontoret blei finansiert av flyktningane sjølv gjennom kjøp av Nansenpass. Resten blei finansiert av Folkeforbundet, regjeringar, privatpersonar og humanitære organisasjonar.
Hjelp til flyktningar frå det nasjonalsosialistiske Tyskland etter 1933 og frå den spanske borgarkrigen viste seg derimot å vera problematisk fordi dette låg utanfor myndet til Nansenhjelpen. Mange statar vegra seg mot å ta imot flyktningar frå desse landa.
Den første presidenten for Nansenkontoret var frå 1930 til februar 1933 Max Huber. Den dåverande presidenten for Den internasjonale raudekrosskomiteen.
Nansenkontoret blei tildelt Nobels fredspris i 1938. Prisen blei teken i mot av den norske presidenten for kontoret, Michael Hansson.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Det internasjonale Nansenkontoret» frå Wikipedia på bokmål, den 24. november 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Nobels fredspris 1938 hos Nobelprize.org
- (en) Det internasjonale Nansenkontoret hos Nobelprize.org i samband med tildelinga av Nobels fredspris 1938