Det muslimske brorskapet
Det muslimske brorskapet er ei islamistisk rørsle som vart grunnlagt av Hassan al-Banna i Egypt i 1928. Det er ei av dei eldste og største politiske islamistiske rørslene, med forgreiningar i heila arabarverda. Brorskapet har vore forbode i Egypt gjennom mange tiår, men har likevel vore den viktigaste opposisjonsgruppa der. Sidan 1970-talet har brorskapet talar for ein ikkje-valdeleg, reformistisk islamisme, og arbeidd for eit meir ope og demokratisk politisk system i Egypt. Slagordet deira er «Islam er løysinga», og brorskapet har ønsker å innføra muslimske verdiar i samfunnet. Ein av dei viktigaste ideologane i partiet var Sayyid Qutb, som la fram mange viktige grunnprinsipp i si bok Milepålar.
Det muslimske brorskapet | |||
| |||
Land | Egypt | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Hassan al-Banna | ||
Grunnleggjarar | Hassan al-Banna | ||
Grunnlagt | 22. mars 1928 | ||
Ideologi | religiøs konservatisme, islamisme, panislamisme, sosialkonservatisme | ||
Politisk posisjon | høgresida | ||
Religion | sunniislam |
Forbod
endreBrorskapet byrja som ei sosial rørsle som lærte om islam, underviste analfabetar, grunnla sjukehus og tilmed kommersielle tiltak. Etterkvart som det voks seg til byrja det, frå rundt 1936, å gå imot det britiske kolonistyret i Egypt. For å nå fremja saka skal det i denne perioden ha utført fleire drap. Brorskapet blei forbode av dei egyptiske styresmaktene etter Den arabisk-israelske krigen i 1948. Brorskapet støtta Den egyptiske revolusjonen i 1952, som fekk militære til makta, men blei straks etter revolusjonen forbode att. Også i andre land det hadde spreidd seg til blei brorskapet undertrykt, som i Syria, der eit opprør leia av dei blei knust i 1982. Nokre av dei internasjonale forgreiningane er blitt knytte til terrorisme, noko også brorskapet er blitt mistenkt for.
Politikk
endreFrå 1970-talet blei brorskapet noko meir tolerert av egyptiske styresmakter og på 1980-talet gjekk det inn i egyptisk politikk. Under eit generelt forbod mot religiøse politiske parti var det framleis ulovleg, og blei ofte omtalt som «den forbodne gruppa» i avisene. Brorskapet samarbeidde med andre opposisjonsparti og stilte med «uavhengige» kandidatar til val. Dei la vekt på å gjera samfunnet meir demokratisk I 2005 vann det 20 % av seta i nasjonalforsamlinga, noko som førte til at gruppa og støttespelarane deira igjen blei slått ned på av regimet til Hosni Mubarak. Under Den egyptiske revolusjonen i 2011 slutta det seg til dei folkelege protestane, etter først å ha åtvara medlemmer mot å ta del i dei. Kort tid etter at Mubarak fall kunngjorde brorskapet at dei ville skipa sitt første politiske parti kalla «Fridom og rettferd».
Medan brorskapet har tala varmt for demokrati og eit moderne muslimsk samfunn som respekterer alle grupper, har motstandarar uttrykt redsle for at dei i røynda vil innføra konservativ sjarialovgjeving og hindra likestilling for kvinner og religiøse minoritetar (særleg koptarar) i landet.
Kjelder
endre- Crane, Mary, Does the Muslim Brotherhood Have Ties to Terrorism, Council on Foreign Relations, arkivert frå originalen 31. mai 2009, henta 20. mars 2011
- Otterman, Sharon, Muslim Brotherhood and Egypt's Parliamentary Electionsdate=December 1, 2005, Council on Foreign Relations., arkivert frå originalen 9. september 2013, henta 20. mars 2011
- Shukrallah, Salma; El-Abbasy, Nourhan, «January Revolution generates a new Egyptian political map», Ahram Online
Bakgrunnsstoff
endre- ikhwanweb.com Nettstaden til Det muslimske brorskapet (engelsk)Denne samfunnsartikkelen som har med Egypt å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.