Det sørsudanske flagget.

Det sørsudanske flagget er danna av vassrette striper og ein blå trekant som peiker innover frå venstre med ei gul stjerne. Det byggjer på det sudanske flagget i utforming og det kenyanske i fargeval.

Ein mann blant publikum med det sørsudanske flagget idet landet får sjølvstende 9. juli 2011.

HistorieEndra

Flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg for Sør-Sudan då landet fekk sjølvstende den 9. juli 2011. Det hadde allereie vore i bruk sidan Sør-Sudan fekk sjølvstyre frå 9. juli 2005, og før det av sjølvstenderørsla SPLA.

SymbolikkEndra

Raudfargen i flagget symboliserer blodet tapt under fridomskampen. Kvitt står for freden som blei oppnådd etter kampen. Blått står for Nilen, grønt for naturressursane i landet, svart for huda til innbyggjarane og den gule stjerna skal vera ei leiestjerne for landet og innbyggjarane.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra