Det zimbabwiske flagget

Det zimbabwiske flagget er delt i sju vassrette striper med ein kvit, svarkanta trekant på venstre side. I denne finst ei femtakka raud stjerne med ein gul zimbabwefugl oppå. Zimbabwe tok i bruk flagget som nasjonalflagg den 18. april 1980.

Storleikstilhøve: 1:2
presidentsflagget

Symbolikk endre

Zimbabwefuglen er eit symbol for landet, etter ein statue som vart funnen i ruinane av Store Zimbabwe. Fuglen står for Zimbabwe si historie, medan den raude stjerna under symboliserer kampen for sjølvstende.

Flagget bruker panafrikanske fargar. Den offisielle tydinga av fargane i flagget er elles:

  • Grønt for landbruket og landsbygda i Zimbabwe
  • Gult for mineralrikdommen i landet
  • Raudt for blodet tapt under Chimurengakrigane
  • Svart for arva og etnisitetet til opphavlege afrikanarar i Zimbabwe
  • Kvitt for fred

Historikk endre

Flaggan bygger på det sjølvstenderørsla ZANU (Zimbabwe African National Union) nytta under kampen mot den rhodesiske regjeringa på 1970-talet.

Tidlegare brukte Sør-Rhodesia, som mange andre britiske koloniar, orlogsflagget Blue Ensign som grunnlag for sitt flagg. Då utbrytarrepublikken Rhodesia blei til i 1964 brukte ein eit flagg med lyseblå duk som bygde på flagget til det britiske flyvåpenet. 11. november 1968 bytta ein flagget ut med eit grønt og kvitt flagg utan britiske symbol.

Kjelder endre