Zimbabwe

(Omdirigert frå Sør-Rhodesia)
Republic of Zimbabwe

(norsk: Zimbabwe, zimbabwisk)

Det zimbabwiske flagget Det zimbabwiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Kalibusiswe Ilizwe leZimbabwe»
Motto Unity, Freedom, Work
(Eining, fridom, arbeid)
Geografisk plassering av Zimbabwe
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Harare
Styresett
Republikk
Emmerson Mnangagwa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
390 757 km² (60.)
1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
13 805 084 (71.)
35,3 /km² (142.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
11. november 1965 (som Rhodesia)
18. april 1980 (som Zimbabwe)
Nasjonaldag 18. april
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
27 920 mill. USD (128.)
2 500 USD (168.)
Valuta Zimbabwisk dollar (ZWD)
Tidssone UTC +2
Telefonkode +263
Toppnivådomene .zw



Zimbabwe er ein stat i det sørlege Afrika og har grense i sør mot Sør-Afrika, i aust mot Mosambik, i nord og vest mot Zambia og i sør og vest mot Botswana. Ved grensa mot Zambia ligg Victoriafalla, i Zambezielva.

Det har truleg vore menneske i Zimbabwe i over 100 000 år.

Tidlegare namn på Zimbabwe er Sør-Rhodesia og Rhodesia.

Kart over Zimbabwe

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå zimbabwisk geografi.

Klima endre

Zimbabwe har eit klima som i stor grad vert styrt av den intertropiske konvergenssona. Når dette tropiske regnområdet flyttar seg sørover får ein regnbyger, skyer og torevêr frå desember til mars. Savanneområdet får regn om lag annakvar dag, og om lag ein gong i veka kan ein få guti-vêryr og tåke — når kjøligare luft trenger seg inn frå søraust. Harare har ein normal årsnedbør på 831 mm.

Dagtemperaturane er høge året rundt, og i tørketida opp mot, men sjeldan over, 32 °C. Limpopodalen heilt søraust i landet kan derimot få høgare temperaturar. Tørketida varer frå juni til september, bortsett frå høgdedraga i aust som kan få ein vinterleg guti. Sidan det meste av landet ligg høgare enn 1000 m, kan nettene bli ganske så kjølige til å vere i tropane. Vanlegvis kjem ein ned i rundt 4-7 °C, men frost er derimot sjeldan.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Zimbabwe» på Wikipedia på bokmål/riksmål.