Dhahab
Dhahab eller Dhahabdalen (arabisk نهر الذهب eller وادي الذهب, Gull eller Gulldalen), i mellomalderen òg kalla Buṭnāndalen (arabisk وادي بطنان), er ei periodevis elv nord i Syria.
Dhahab | |||
elv | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aleppo guvernement | ||
Lengd | 50 km | ||
Kjelde | Høgdene nord for Bāb | ||
Munning | Jabboulsjøen | ||
Dhahab 36°21′50″N 37°31′09″E / 36.363888888889°N 37.519166666667°E |
Elva ligg på Aleppoplatået aust i Aleppo guvernement, 30 km aust for Aleppo. Ho drenerer høgdene nord for Bāb og renn kring 50 km frå nord til sør før ho munnar ut i Jabboulsjøen.
Det er bygd to demningar i elva, Um-Julūd-dammen og Shabā-dammen. I nyare tid er vatn frå Eufrat omleidd til elva for å auke vatninga i dalen. Dei viktigaste byane i dalen er Bāb, Bzāʻā og Tādif.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dhahab» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: