Dimitri Bascou (fødd 20. juli 1987) er ein fransk friidrettsutøvar frå Schœlcher på Martinique, som har delteke internasjonalt for Frankrike i 110 meter hekk sidan 2006. Han vart europameister i øvinga under EM i friidrett 2016.

Dimitri Bascou


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. juli 1987 (37 år)
Schœlcher
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 110 meter hekk menn
Utmerkingar ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Aktiv

endre

Bascou vart nummer to på korthekken under Mellomhavsleikane 2009, og fjerdemann i øvinga under friidretts-EM 2010 i Barcelona med ny personleg rekord; 13,41 sekundar. Han forbetra denne til 13,37 i 2011, men sleit med å forbetre seg dei neste sesongane.

Under europameisterskapen 2014 i Zürich kvalifiserte Bascou seg til finalen med sterke 13,33 sekundar i semifinalen, men vart diska i finalen. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 13,16 sekundar då han vann den eine av dei tre semifinalane i friidretts-VM i Beijing. I finalen sprang han eitt hundredels saktare, noko som gav han ein femteplass. Bascou viste sterk form også under friidretts-EM 2016, fyrst vann han ein semifinale på tida 13,20, før han sikra seg gullet etter 13,25 sekundars finaleløp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre