Diplomaten Mona Juul

norsk politikar

Mona Juul (fødd 10. april 1959 i Steinkjer) er ein norsk diplomat og politikar (Ap). I perioden 2019-2023 var ho ambassadør ved den norske SN-delegasjonen i New York.[1]

Diplomaten Mona Juul

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1959 (65 år)
Steinkjer kommune
Yrke politikar, diplomat
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Terje Rød-Larsen
Diplomaten Mona Juul på Commons

Juul er oppvaksen i Sparbu i Steinkjer kommune. Saman med sin ektemann Terje Rød-Larsen spelte ho ei nøkkelrolle under dei hemmelege forhandlingane som førte til Oslo-avtalen. Fredsavtalen blei signert den 13. september 1993 i Washington, DC, mellom Israel og PLO. Juul og resten av teamet i Oslo fokuserte i forhandlingane på å vere meklar og tilretteleggjarar, vel vitande om at ein fredsavtale om konflikten mellom Israel og PLO måtte vere skapt av motstanderne sjølv. Juul og Rød-Larsen blei tildelt prisen Årets Peer Gynt i 1994.

Under Jens Stoltenberg si første regjering, frå 2000 til 2001 var Juul statssekretær for utanriksminister Thorbjørn Jagland i Utanriksdepartementet. Frå 2001 til 2004 var ho norsk ambassadør til Israel og 2005 til 2010 avløysande ambassadør for den faste norske delegasjonen til SN i New York. Ho vakte internasjonal merksemd i august 2009, då eit intern notat til Utanriksdepartementet blei lekka til Aftenposten. I notatet kritiserte ho generalsekretær i SN Ban Ki-moon for manglande leiareigenskapar.[2]

Frå 2011 til 2014 var Juul ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet, og frå 2014 til 2018 var ho norsk ambassadør i London.[3]

Juul er gift og har to barn saman med politikar og diplomat Terje Rød-Larsen.[4]

Kjelder endre

  1. «The Team». Norgesportalen (på engelsk). Arkivert frå originalen 8. april 2019. Henta 24. juli 2019. 
  2. Rønneberg, Kristoffer (19. august 2009). «Sviende norsk refs av FN-sjefen». Aftenposten (på norsk bokmål). 
  3. «Permanent Representative». Norgesportalen (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. oktober 2018. Henta 19. april 2020. 
  4. Fransson, Line (14. september 2002). «Vår kvinne i Tel Aviv». Dagbladet.no (på norsk).