Dirt Box
Dirt Box Studioalbum av Blackwater Park | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1971 | |
Sjanger | Progressiv rock Hard rock Tungmetall Bluesrock | |
Lengd | 34:50 34:54 på somme utgjevnadar | |
Selskap | Spalax Music | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Blackwater Park-kronologi | ||
Blackwater Park (1971) |
Dirt Box |
|
Dirt Box er det fyrste og siste albumet – med full lengde – åt det tyske rockebandet Blackwater Park. Albumet vart innspelt og utgjeve i 1971. Blackwater Park var ein av mange tyske band som valde ein britisk vokalist.
Albumet byggjer på angloamerikanske bluesrytmer i ein litt tyngre ugåve og hardt progressivt spel, men jamvel byr ikkje albumet på noko banebrytande eller revulosjonerande. Musikkekspertar meinte at albumet kunne oppfattast keisamt, sidan Dirt Box baserte seg på noko som allereie var utprøvd og produsert på slutten av 60-talet. Albumet vert sett annleis i dag, fordi mange meiner det har påverka både seinare hardrock-musikk i like stor grad som Master of Reality av Black Sabbath og Kingdom Come av Sir Lord Baltimore. Reaksjonen og utsalet i 1971 kunne vore betre, og av den grunn er albumet noko undervurdert og lite kjent. Likevel får Dirt Box ei fotnote i utviklinga av seinare hardrock- og metallmusikk.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Mental Block» | Scholz og Fechner | 3:17 |
2. | «Roundabout» | Routledge | 5:27 |
3. | «One's Life» | Routledge | 3:08 |
4. | «Indian Summer» | Scholz og Fechner | 6:16 |
5. | «Dirty Face» | Routledge | 4:28 |
6. | «Rock Song» | Scholz og Fechner | 8:45 |
7. | «For No One» (The Beatles-cover) | Paul McCartney | 3:29 |
Medverkande
endre- Richard Routledge – vokal, rytmegitar, lyrikk
- Michael Fechner – elektrisk gitar
- Andreas Scholz – bassgitar
- Norbert Kagelmann – perkusjon, slagverk
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endreLenkje til spor 6