Distriktet Andelfingen

Andelfingen er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nord i kantonen, og har grense til Tyskland i vest og i nord, og til kantonane Schaffhausen i nordvest og Thurgau i aust. Andelfingen hadde 29 477 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 167 km2. Kommunen Andelfingen, som ligg sentralt i distriktet, er hovudstad.

Andelfingen
Bezirk Andelfingen
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Andelfingen
Areal 166,64 km²
Folketal 29 477  (31. desember 2010)
Kommunar 24
Kart
Distriktet Andelfingen
47°37′00″N 8°40′00″E / 47.616666666667°N 8.6666666666667°E / 47.616666666667; 8.6666666666667
Wikimedia Commons: Andelfingen (district)

Distriktet består av 24 kommunar. Den mest folkerike kommunen har vel 3 000 innbyggarar.

Kommunane er Adlikon, Andelfingen, Benken, Berg am Irchel, Buch am Irchel, Dachsen, Dorf, Feuerthalen, Flaach, Flurlingen, Henggart, Humlikon, Kleinandelfingen, Laufen-Uhwiesen, Marthalen, Oberstammheim, Ossingen, Rheinau, Thalheim an der Thur, Trüllikon, Truttikon, Unterstammheim, Volken og Waltalingen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Distriktet Andelfingen