Distriktet Lárnaka
Distriktet Lárnaka (gresk Επαρχία Λάρνακας, Eparkhía Lárnakas, tyrkisk Larnaka kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på den søraustlege delen av øya Kypros og har eit areal på 1 129 kvadratkilometer.[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har litt av den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld dei tre landsbyane Ársos, Meloúsia og Tremetousiá i distriktet Lefkoşa og landsbyen Pérgamos i distriktet Gazimağusa.[2] Dei tre landsbyane Athiénou, Pýla og Troúlli ligg i FNs buffersone på Kypros.
Dei to landsbyane Ormídia og Xylotýmvou, som høyrer til distriktet, ligg som enklavar innanfor det britiske baseområdet Dekélia.
FolketalEndra
Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):
År | Folketal | Kjelde |
---|---|---|
1901 | 26 073 | [1] |
1921 | 34 918 | [1] |
1931 | 42 208 | [1] |
1946 | 52 189 | [1] |
1960 | 58 619 | [1] |
1973 | 60 714 | [1] |
1976 | 79 008 | [3] |
1982 | 84 496 | [4] |
1992 | 100 242 | [5] |
2001 | 115 268 | [6] |
2011 | 143 192 | [7] |
AdministrasjonEndra
Distriktsadministrasjonen i byen Lárnaka representerer den kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Oddyséas Hadzistefánou.[8]
Kommunar og busetnaderEndra
Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]
- Lárnaka (51 468)
- Aradíppou (19 228)
- Livádia (7 206)
- Dromolaxiá-Meneoú (6 689)
- Athiénou (5 017)
- Lévkara (762)
Utanom kommunane har Lárnaka 52 registrerte busetnader, av desse ligg tre heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[9] Dei største av dei busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]
|
|
|
Busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[10]
- Meloúsia (Kırıkkale) (390)
- Ársos (Yiğitler) (327)
- Tremetousiá (Erdemli) (169)
Ein busetnad har innbyggjarar på båe sider:[7][10]
- Pérgamos (Beyarmudu) (Republikken Kypros 193, Nord-Kypros 1 196)
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Gwillim Law: Administrative Subdivisions of Countries: A Comprehensive World Reference, side 102
- ↑ Folketeljing Nord-Kypros
- ↑ Folketeljing 1976
- ↑ Folketeljing 1982
- ↑ Folketeljing 1992
- ↑ Folketeljing 2001
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 Folketeljing 2011
- ↑ Heimeside for distriktsadministrasjonen
- ↑ Oversyn over kommunar og busetnader
- ↑ 10,0 10,1 Folketeljing Nord-Kypros 2011