Distriktet Lefkoşa

35°12′N 33°27′E / 35.200°N 33.450°E / 35.200; 33.450

Kart som viser plasseringa av distriktet Lefkoşa på Kypros

Distriktet Lefkoşa (tyrkisk Lefkoşa ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 502 kvadratkilometer.[1] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Levkosía i Republikken Kypros, med unntak av dei tre landsbyane Yiğitler (Ársos), Kırıkkale (Meloúsia) og Tremeşe (Tremetousiá) frå distriktet Lárnaka og landsbyen Gaziköy (Afánia) frå distriktet Ammókhostos. Distriktet Güzelyurt vart fråskild i 1998.[2]

Folketal endre

Utviklinga av folketalet i distriktet og underdistrikta:

År Distriktet Lefkoşa Lefkoşa Merkez Değirmenlik Kjelde
1996 62 295 53 972 8 323 [3]
2006 84 776 74 319 10 457 [3]
2011 94 824 82 929 11 895 [4]

Administrasjon endre

Distriktsadministrasjonen i byen Lefkoşa (Nord-Levkosía) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (tyrkisk kaymakam) er (i 2016) Alkan Değirmencioğlu.[5]

Kommunar endre

Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]

Underdistriktet Lefkoşa Merkez endre

Underdistriktet Değirmenlik endre

Referansar endre

  1. KKTC Tarım Bakanlığı İstatistik ve Planlama Şubesi (Landbruksdepartementet, avdeling for statistikk og planlegging): «Tarımsal Yapı ve Üretim» (Landbruksstruktur og produksjon), 2007, s. 15
  2. «Lov 33/1998» (på tyrkisk). Nord-Kypros: Domstolavdelinga. Arkivert frå originalen 8. desember 2017. Henta 17. september 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Folketeljing Nord-Kypros 2006» (PDF) (på engelsk). Devlet planlama örgütü – Den statlege planorganisajonen. Arkivert frå originalen (PDF) 20. mars 2007. Henta 17. september 2023. 
  4. 4,0 4,1 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023. 
  5. Etkinlik Gazetesi, 11.03.2016, arkivert frå originalen 11. august 2016, henta 29. april 2016