Distriktet Lefke

Distriktet Lefke (tyrkisk Lefke ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg i den nordvestlege delen av øya Kypros. Distriktet vart skild ut frå distriktet Güzelyurt i 2016.[1] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Levkosía i Republikken Kypros.

Kart som viser plasseringa av distriktet Lefke på Kypros

FolketalEndra

Utviklinga av folketalet i distriktet:

År Distriktet Lefke Kjelde
1996 9 287 [2]
2006 10 702 [2]
2011 11 091 [3]

AdministrasjonEndra

Distriktsadministrasjonen i byen Lefke (Lévka) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet.

KommunarEndra

Distriktet har denne kommunen (innbyggjartal 2011 i parentes):[3]

Underdistriktet LefkeEndra

ReferansarEndra