Distriktet Güzelyurt

Koordinatar: 35°12′N 33°00′E

Distriktet Güzelyurt (tyrkisk Güzelyurt ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg i den nordvestlege delen av øya Kypros. Distriktet vart skild ut frå distriktet Lefkoşa i 1998.[1] I 2016 vart distriktet delt ved at Lefke vart skild ut som eige distrikt.[2] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Levkosía i Republikken Kypros.

Kart som viser plasseringa av distriktet Güzelyurt på Kypros

Distriktet hadde eit areal på 381 kvadratkilometer før Lefke vart skild ut.[3]

FolketalEndra

Utviklinga av folketalet i distriktet:

År Distriktet Güzelyurt Kjelde
1996 18 236 [4]
2006 18 562 [4]
2011 18 946 [5]

AdministrasjonEndra

Distriktsadministrasjonen i byen Güzelyurt (Mórfou) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet.

KommunarEndra

Distriktet har denne kommunen (innbyggjartal 2011 i parentes):[5]

Underdistriktet Güzelyurt MerkezEndra

ReferansarEndra

  1. Lov 33/1998
  2. Kibris Postasi: Lefke sjette distrikt i Nord-Kypros
  3. KKTC Tarım Bakanlığı İstatistik ve Planlama Şubesi (Landbruksdepartementet, avdeling for statistikk og planlegging): «Tarımsal Yapı ve Üretim» (Landbruksstruktur og produksjon), 2007, s. 15
  4. 4,0 4,1 Folketeljing 2006
  5. 5,0 5,1 Folketeljing 2011