Distriktet Levkosía

Koordinatar: 35°04′N 33°12′E

Distriktet Levkosía (gresk Επαρχία Λευκωσίας, Eparkhía Levkosías, tyrkisk Lefkoşa kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.[1]

Kart som viser plasseringa av distriktet Levkosía på Kypros

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa og Güzelyurt.[2] Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.

FolketalEndra

Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):

År Folketal Kjelde
1901 71 289 [1]
1921 93 765 [1]
1931 110 010 [1]
1946 145 965 [1]
1960 204 283 [1]
1973 232 702 [1]
1976 191 345 [3]
1982 210 684 [4]
1992 244 779 [5]
2001 273 642 [6]
2011 326 980 [7]

AdministrasjonEndra

Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.[8]

Kommunar og busetnaderEndra

Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros,[9] medan to har innbyggjarar på båe sider.[7][10] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]:

Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[10]

Desse kommunane har innbyggjarar på båe sider:[7][10]

Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[11] Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]

  • Ajía Varvára (2 204)
  • Nísou (2 179)
  • Káto Devterá (2 054)
  • Klírou (1 847)
  • Ergátes (1 792)
  • Synikismós Anthoúpolis (1 756)
  • Psimolófou (1 626)
  • Mámmari (1 592)
  • Alámbra (1 585)
  • Aji Trimithiás (1 529)
  • Anája (1 514)
  • Péra (1 372)
  • Kakopetriá (1 274)
  • Aredioú (1 225)
  • Káto Pýrgos (1 036)
  • Méniko (1 023)




Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[10]





To busetnader har innbyggjarar på båe sider:[7][10]

Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.

ReferansarEndra