Distriktet Páfos
Distriktet Páfos[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på den vestlege delen av øya Kypros og har eit areal på 1 393 kvadratkilometer.[3]
Páfos | |||
Επαρχία Πάφου Baf kazası | |||
distrikt | |||
Land | Kypros | ||
---|---|---|---|
Del av | Kypros | ||
Areal | 1 389,819 km² | ||
Folketal | 88 276 (2011)[1][2] | ||
Distriktet Páfos 34°46′37″N 32°25′11″E / 34.77682°N 32.419736°E | |||
Kart som viser plasseringa av distriktet Páfos på Kypros.
| |||
Wikimedia Commons: Paphos District |
Folketal
endreUtviklinga av folketalet i distriktet:
År | Folketal | Kjelde |
---|---|---|
1901 | 35 205 | [3] |
1921 | 42 330 | [3] |
1931 | 43 769 | [3] |
1946 | 53 891 | [3] |
1960 | 58 147 | [3] |
1973 | 57 065 | [3] |
1976 | 46 633 | [4] |
1982 | 45 645 | [5] |
1992 | 52 572 | [6] |
2001 | 66 364 | [7] |
2011 | 88 266 | [8] |
Administrasjon
endreDistriktsadministrasjonen i byen Páfos representerer den kypriotiske staten i distriktet.[9] Leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er frå 1. september 2015 Maíri Lámbrou, den første kvinna i jobben.[10] Ho overtok etter Jannákis Mallorídis.
Kommunar og busetnader
endreDistriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[8]
- Páfos (32 892)
- Jeroskípou (7 878)
- Péja (3 953)
- Póli (2 018)
Utanom kommunane har Páfos 121 registrerte busetnader.[11] Dei største er (innbyggjartal 2011 i parentes):[8]
|
|
|
|
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 flytta dei fleste tyrkisk-kypriotane til den nordlege delen av øya, som frå 1983 er administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Eit tjuetals busetnader er heilt eller nesten heilt fråflytta.
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Απογραφή πληθυσμού 2011» (på gresk). 1. oktober 2011. Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 7. august 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Census of population 2011» (på engelsk). 1. oktober 2011. Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 7. august 2018.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Gwillim Law (1999). Administrative Subdivisions of Countries: A Comprehensive World Reference. s. 102.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1976» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1982» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1992» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 2001» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Heimeside for distriktsadministrasjonen» (på gresk). www.moi.gov.cy. Arkivert frå originalen 10. juli 2019. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Νέα Έπαρχος Πάφου η Μαίρη Λάμπρου». Η Καθημερινή Κύπρου (på gresk). 5. september 2015. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Oversyn over kommunar og busetnader» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 4. juni 2016. Henta 17. september 2023.
Bakgrunnsstoff
endre