Do Not Disturb av Van der Graaf Generator
Do Not Disturb Studioalbum av Van der Graaf Generator | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. september 2016 | |
Innspelt | Seint 2015 og våren 2016 | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock | |
Lengd | 57:07 | |
Selskap | Esoteric Recordings | |
Van der Graaf Generator-kronologi | ||
---|---|---|
Merlin Atmos (2015) |
Do Not Disturb |
|
Do Not Disturb er det 13. studioalbumet til det engelske progressiv rockebandet Van der Graaf Generator. Det kom ut på Esoteric Recordings den 30. september 2016.[2][3]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
RTE | [1] |
Bakgrunn
endreI ei melding for TeamRock skreiv Kris Needs at vokalisten Peter Hammill hadde send organisten Hugh Banton og trommeslagaren Guy Evans ein CD med nye songar, som dei brukte ei veke å øve på, ei ny veke med å spele inn akkompagnement, og så seks månader med ekstra lydspor og finpuss i heimestudioa deira. Om albumet sa Needs: «Om, som Peter Hammill har indikert, dette er det siste Van der Graaf-albumet, så går desse Prog’s Lifetime Achievement-vinnarane dette året ut med ein slags tanke-ristande, nydeleg berg-og-dalbane som har gjort til eit av dei beste genuine progressive banda gjennom tidene. Men det finst òg ein tankevekkande aura og ei avsluttande kjensle på dette 13. albumet deira...»[4]
Mottaking
endrePaddy Kehoe melde albumet for RTÉog skildra sporet «(Oh No I Must Have Said) Yes» som «så prog at det nesten er ein parodi på sjangeren.. » På sporet «Brought to Book» og «Go», såg Kehoe anda til Richard Wright «svevande rundt dei.»[5]
I The Quietus skreiv Richard Rees Jones ikkje rivaliserer med den mørke stordomen til dei klassiske albuma til Van der Graaf Generator i 1970-åra. Han tilrådde nykomarar å byrje andre stader, med Still Life, Godbluff eller Pawn Hearts. Men han såg framleis albumet som «.. eit verdig tillegg til katalogen deira - om dette faktisk blir det siste albumet deira er det ein høvande slutt på den strålande karrieren deira».[6]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Aloft» | 7:20 |
2. | «Alfa Berlina» | 6:40 |
3. | «Room 1210» | 6:48 |
4. | «Forever Falling» | 5:40 |
5. | «Shikata Ga Nai» | 2:29 |
6. | «(Oh No! I Must Have Said) Yes» | 7:44 |
7. | «Brought to Book» | 7:57 |
8. | «Almost the Words» | 7:54 |
9. | «Go» | 4:35 |
Medverkande
endreMusikars
endre- Peter Hammill – vokal, gitar, piano
- Hugh Banton – orgel, klaverinstrument, bass, trekkspel, klokkespel
- Guy Evans – trommer, perkusjon
Teknisk
endre- Koordinator – Mark Powell, Vicky Powell
- Design, kunst – Paul Ridout
- Lydteknikar – Ben Turner
- Mastering – Christian Wright
- Fotografi Tamra Gray
Salslister
endreListe (2016) | Plassering |
---|---|
Nederlandske album (MegaCharts)[7] | 96 |
Italia (FIMI)[8] | 48 |
Skotske album (OCC)[9] | 57 |
Britiske album (OCC)[10] | 88 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Do Not Disturb (Van der Graaf Generator album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review Paddy Kehoe». rte.ie. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van Der Graaf Generator will release 13th album Do Not Disturb in September». teamrock.com. Juni 2016. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) at Cherry Red Records». cherryred.co.uk. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review». teamrock.com. 26. september 2016. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review Paddy Kehoe at RTE». rte.ie (Raidió Teilifís Éireann). Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review by Richard Rees Jones at The Quietus». thequietus.com. Henta 26. juli 2020.
- ↑ "Van Der Graaf Generator – Do Not Disturb". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. august 2020.
- ↑ «Album – Classifica settimanale WK 40 (dal 2016-09-30 al 2016-10-06)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 9. august 2020.
- ↑ "2016-10-07 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. august 2020.
- ↑ "2016-10-07 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. august 2020.