Godbluff
Studioalbum av Van der Graaf Generator
Språk engelsk
Utgjeve 10. oktober 1975
Innspelt 9–29. juni 1975
Studio Rockfield Studios i Monmouthshire
Sjanger Progressiv rock
Lengd 37:44
Selskap UK Charisma Records
USA Mercury Records
Produsent Van der Graaf Generator
Van der Graaf Generator-kronologi 
Pawn Hearts
(1971)
Godbluff Still Life
(1976)


Godbluff er det femte albumet gjeve ut av det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator. Det var det første albumet etter bandet kom saman att i 1975 og vart spelt inn etter ein europeisk turné.[1]

Som det første sjølvproduserte albumet deira, har det ein strammare og meir avdempa stil enn dei tidlegare innspelingane deira med produsenten John Anthony. Hammill sa «me ønskte ikkje å lage 'sonen til Pawn Hearts' med ei lang side to og mange studioeksperiment».[2] Van der Graaf Generator arbeidde aldri igjen med ein produsent utafor bandet. Hammill brukte mykje eit Hohner Clavinet D6, som han først hadde byrja å bruke på det førre soloalbumet hans, Nadir's Big Chance (1975).

I USA kom albumet først ut på Mercury Records. Den ommastra utgåva frå 2005 hadde konsertopptak av bandet som bonusspor, to songar frå Peter Hammill-albumet The Silent Corner and the Empty Stage (1974), spelt inn på ein konsert i L'Altro Mondo i Rimini i Italia.

Plateomslag endre

Plateomslaget på Godbluff var minimalt, og bestod berre av bandlogoen og eit stempel med albumtittelen i raudt, på eit elles svart omslag. Bandlogoen vart nytta for første gongen her, og var designa av John Pasche.[3] Logoen vart òg nytta på dei neste to albuma, Still Life (april 1976) og World Record (oktober 1976). Omslaget på Godbluff vart seinare parodiert på albumet Fall Heads Roll av The Fall.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [4]
Christgau's Record GuideD+[5]

Melody Maker skreiv at «i ein særs reell forstand høyrest plata ut som midten av 70-åra: ukomfortabelt, samanhengande, iherdig, modig.»[6] Geoff Barton i Sounds rekna Godbluff som «rett og slett eit essensielt kjøp.»[7] Ei negativ melding stod i Lancashire Evening Post i november 1975 der Bob Papworth skreiv at «Godbluff er ei lang utstilling av den typen avansert avantgarde rock som så mange andre grupper speler så uendeleg mykje betre.» Papworth la til at «Guy Evans kunne ikkje ha tromma seg ut av ein papirpose og saksofonen og fløytene til David Jackson er litt for enkle til å vere truverdige.»[8]

I ei melding i 2011 for AllMusic skreiv Steve McDonald: «.. albumet opnar med vågal stillheit, med fløyta til David Jackson som går som eit ekko over stereorommet, med røysta til Hammill som kviskrar opningslinjene. Det var sturm und drang som skulle kome, men musikken har blitt opna opp og tekstane har fått meir fokus, ofte utan metaforar til fordel for meldingar. Godbluff var eit comeback med bravur- berre fir spor, men alle klassikarar.»[4]

I mai 2002 skreiv Julian Cope i Mojo om albumet: «Det var den beste gjenforeininga nokon gong. Kvar tomme av Godbluff er ein klassikar. Det trylla fram enorme område med lyngheier, brennande gjetarhytter, hordar av stridsvogner som herjar grender, hovud med spyd gjennom. Og Hamill står midt i alt dette, på Zoroaster-liknande og mystisk vis, og leitar desperat og veltalande etter noko som liknar moral der det ikkje var noko.»[2]

Innhald endre

Alle spor skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Undercover Man» 7:32
2.«Scorched Earth»Hammill, David Jackson9:44
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Arrow»9:48
2.«The Sleepwalkers»10:40
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
5.«Forsaken Gardens» (konsertopptak frå L'altro Mondo, Rimini i Italia 9. august 1975)7:58
6.«A Louse Is Not a Home» (konsertopptak frå L'altro Mondo, Rimini i Italia 9. august 1975)12:47

Medverkande endre

Van der Graaf Generator
Teknisk
  • Produsert av Van der Graaf Generator
  • Lydteknikar: Pat Moran
  • Redigert av George Peckham i The Master Room

Kjelder endre

  1. «Europe in May/Juni 1975». Henta 28. juli 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Run For Your Lives! Van Der Graaf Generator». Mojo. May 2002. Henta 24. september 2017. 
  3. «Godbluff (2005 Charisma release) notes». Henta 28. juli 2020. 
  4. 4,0 4,1 McDonald, Steven (2011). «Godbluff - Van der Graaf Generator | AllMusic». allmusic.com. Henta 26. juli 2020. 
  5. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: U». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 17. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  6. «Van der Graaf Generator: Godbluff (Charisma)». Melody Maker. Henta 28. juli 2020. 
  7. Barton, Geoff. «Graaf's bluff is just enough». Sounds. Henta 28. juli 2020. 
  8. Papworth, Bob (17. november 1975). «Van too many». Lancashire Evening Post. 
  9. Scharf 2016-01-27T18:00:00.260Z, Natasha. «My Prog Hero: Inspiring the wider music world…». loudersound. 

Bakgrunnsstoff endre