Pawn Hearts

Pawn Hearts
Studioalbum av Van der Graaf Generator
Utgjeve Oktober 1971
Innspelt Juli til september 1971
Studio Trident, London[1]
Sjanger Progressiv rock
Lengd 45:08
Selskap Charisma
Produsent John Anthony
Van der Graaf Generator-kronologi
H to He, Who Am the Only One
(1970)
Pawn Hearts Godbluff
(1975)


Pawn Hearts er det fjerde studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator, gjeve ut i oktober 1971 på Charisma Records. Det originale albumet hadde berre tre spor, inkludert den sidelange suiten «A Plague of Lighthouse Keepers». Albumet selde ikkje godt i Storbritannia, men gjekk heilt til topps i Italia. Det har sidan fått mykje god omtale og kom ut på ny i 2005 med bonusspor.

Songane på albumet vart utarbeidd medan dei var på turné i 1971, og dei vart utvikla vidare og arrangerte i huset til manageren Tony Stratton-Smith i Crowborough i Sussex i løpet av ein to månader periode. Den originale planen var å gje ut meir materiale og gjere albumet til eit dobbeltalbum, men Charisma godtok ikkje det. Ein singel, som ikkje kom med på albumet, «Theme One», var med på somme utgjevingar av albumet i USA og Canada. Albumet selde særs godt i Italia som gjorde at bandet hadde fleire lukrative turnear der, men presset dette førte med seg førte til at bandet vart oppløyst i august 1972.

BakgrunnEndra

Innan 1971 hadde besetninga i Van der Graaf Generator stabilisert seg med frontmannen og låtskrivaren Peter Hammill, saksofonisten David Jackson, organisten og bassisten Hugh Banton og trommeslagaren Guy Evans. Gruppa hadde spelt mange konsertar og blitt nære vener etter ein særskild strevsam turné i Tyskland.[2] Hammill skreiv «A Plague of Lighthouse Keepers» under turneen,[3] og gruppa byrja å framføre «Man-Erg» mot slutten av turneen.[4] For å lette på stresset under turneane, fann gruppa opp spel, inkludert «Crowborough Tennis», som omfatta å sprette ein ball på eit bord, og det finst eit fotografi av dette i innsida av plateomslaget for albumet.[5]

Etter turneen og i førebuinga av albumet, inviterte Hammill produsenten John Anthony heim til seg, der Hammill spelte songane meint for albumet på akustisk gitar og piano, og Anthony tok notat.[6] «Man Erg» vart skriven om ein kamp mellom det gode og det vonde, representert som «englar» og «mordarar» i songen.[4] «A Plague of Lighthouse Keepers» var inspirert av fascinasjonen Hammill hadde for havet og fortel om ein fyrbøtar som stadig ser folk som døyr til havs. Han kjenner seg skuldig fordi han ikkje kan hjelpe dei, og songen endar på ope vis, og det er opp til lyttaren å velje om fyrbøtaren tar livet sitt eller til slutt får fred.[6] Banton var mot å ta med «A Plague of Lighthouse Keepers» på albumet, og ønskte seg meir kommersielt materiale, som «Killer» på det førre albumet H to He, Who Am the Only One, men ette r eit bandmøte gjekk han med på å øve inn songen og arbeidde på arrangementet.[7] Gruppa flytta heim til manageren Tony Stratton-Smith', Luxford House i Crowborough i Sussex for to månader sommaren 1971 for å øve inn materialet.[7]

InnspelingEndra

Innspelinga gjekk frå juli til september 1971 i Trident Studios. I tillegg til bandet og Anthony, var Robin Cable, David Hentschel og Ken Scott med som lydteknikarar. Dei første spora som vart spelte inn der var «Theme One», ein coverversjon av ein George Martin-komposisjonopphavleg nytta som ein kjenningsmelodi på BBC Radio 1, og «W», som til slutt ikkje kom med på albumet.[8] Musikken, særskild «A Plague of Lighthouse Keepers», vart spelt inn i korte seksjonar på to til fire minuttar, som seinare vart redigert saman. I tillegg til den originale suiten til Hammill, bidrog Banton med «Pictures/Lighthouse»-seksjonen, eit Olivier Messiaen-aktig orgelstykke, Evans skreiv «Kosmos Tours» kring eit kort pianoriff, og Jackson skreiv musikk til avslutningstemaet, «We Go Now».[9] Stykket vart sett saman av Banton og Anthony mot slutten av økta.[9] Banton brukte ein effekt kalla eit «psykedelisk barberblad», ein spesiallaga lydbandopptakar som kunne spole attende og ta opp samstundes. Apparatet appellerte til humoren til bandet. På eit stadium vart alle lydbandmaskinane i studioet nytta til miksing.[10]

Albumet var opphavleg tenkt som eit dobbeltalbum, liknande Pink Floyd sitt Ummagumma (1969). Den første halvdelen bestod av albumet som til slutt kom ut, og den andre skulle vere delt mellom personlege prosjekt og live-i-studio-versjonar av eldre Van der Graaf Generator-songar som «Killer» og «Octopus».[11] Evans bidrog med eit avantgarde stykke, «Angle of Incidents» som bestod av trommer spelt inn baklengs og lyden av eit lysrøyr sleppt ned trappene i studioet.[12] Jackson spelte inn «Ponker's Theme'», eit kort jazzstykke, og eit lengre stykke, «Archimedes Agnostic», med latinsk tekst skriven av Hammill.[13] Charisma meinte til slutt at gruppa berre skulle gje ut eit enkelt album, og avslo live- og solo-opptaka.[14]

Albumtittelen kom frå ein spoonerisme av Jackson, som ein gong sa «I'll go down to the studio and dub on some more porn harts», då han meinte «horn parts».[15] Plateomslaget vart designa av den faste Charisma-kunstnaren Paul Whitehead, som vart beden av Hammill, «uansett om du er ein konge, ein tiggar eller kva som helst - så er du ei brikke» som førte til eit design som bestod av jorda og eit teppe.[15] Biletet på innsida av omslaget var teken av Keith Morris av bandet som spelar Crowborough Tennis medan dei ser ut til å gje nazihelsing til kvarandre, men Banton sa seinare at dette berre var bandet som prøvde å sjå latterlege ut på liknande måte som Monty Python.[16]

UtgjevingEndra

Albumet kom ut i oktober 1971 på Charisma Records.[17] I USA og Canada vart albumet distribuert av Buddah Records og inneheldt «Theme One» som eit ekstra spor mellom «Lemmings» og «Man-Erg», som vart gjort utan at bandet godkjende det.[10][18] I Europa, der Pawn Hearts berre inneheldt tre spor, vart «Theme One» gjeven ut på singel i februar 1972 med «W» som B-side.[19]

Då Van der Graaf Generator-katalogen vart ommastra og gjeven ut på ny i 2005, vart fleire av spora frå den manglande andre halvdelen av albumet lagt til som bonusspor. Eit nytt studioopptak av «Squid/Octopus» vart lagt til H to He, Who Am the Only One, medan «Angle of Incidents», «Ponker's Theme» og «Diminutions» vart lagt til Pawn Hearts.[13] CD-plata inneheldt òg originalmiksen av «Theme One», som er ein annan miks enn den som kom ut på singel, i tillegg til eit tidlegare opptak av «W».[17] «Theme One» kom òg ut på samleplata The Best Prog Rock Album in the World... Ever i 2003.[20]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [21]
Mojo      [22]

Albumet selde ikkje godt i Storbritannia. Ei melding i Record Mirror sa «Eg må innrømme eg har ikkje peiling på kva det er Van der Graaf Generator prøver å oppnå»,[23] men Melody Maker var meir entustiastisk, og sa at «A Plague of Lighthouse Keepers» var ein av dei mest fascinerande og dramatiske spora dei nokon gong hadde høyrt».[24] Albumet gjorde det derimot særs godt i Italia, der det gjekk til topps på albumlista.[25][26] Gruppa turnerte i Italia for å marknadsføre albumet, og vart behandla som superstjerner, omringa av pansra køyretøy og opprørspoliti.[27] Dei følgde dette med ein kort europeisk turné, der dei filma ein konsertversjon av «A Plague of Lighthouse Keepers» for belgisk fjernsyn. Produksjon tok to timar å filme fordi bandet ikkje hadde planlagt å spele songen live, og hadde gløymt korleis han gjekk. Filmen syner Hammill som syng songen medan han les frå eit tekstark.[28] Fleire turnear i Europa følgde dei neste fire månadane, men det viste seg å bli for hardt arbeid for gruppa, og dei enda opp med å bli oppløyst i august 1972.[29]

Seinare meldingar har vore positive. Magasinet Q kalla albumet eit «misforstått meisterverk»[16] medan Mojo sa det var «eit av dei mest usedvanlege albuma på denne tida».[22] Songar-låtskrivaren Fish er ein fan av albumet, særskild «A Plague of Lighthouse Keepers».[6] Julian Cope har kalla albumet «eit meisterverk».[23] Hammill sjølv har sagt «sjølv om det er ei ganske ekstrem musikalsk melding, har albumet noko av det mest samanhengande arbeidet vårt».[25]

Sjølv om «Theme One» ikkje gjekk inn på singellista i Storbritannia, erstatta John Peel den originale orkesterversjonen til Martin med gruppa sin versjon kvar gong han avslutta Radio 1 for kvelden. BBC brukte så sidan Van der Graaf Generator sin versjon. Martin likte versjonen og sa det var «ei mektig innspeling som respekterte originalen».[30]

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

MedverkandeEndra

Van der Graaf Generator

Andre medverkande

  • Robert Fripp – elektrisk gitar på «Lemmings (Including 'Cog')», «Man-Erg» og «A Plague of Lighthouse Keepers»

Teknisk

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Powell 2005, s. 14.
  2. Christopulos & Smart 2005, s. 114–115.
  3. Christopulos & Smart 2005, s. 116.
  4. 4,0 4,1 Christopulos & Smart 2005, s. 117.
  5. Christopulos & Smart 2005, s. 120.
  6. 6,0 6,1 6,2 Christopulos & Smart 2005, s. 121.
  7. 7,0 7,1 Christopulos & Smart 2005, s. 122.
  8. Powell 2005, s. 10.
  9. 9,0 9,1 Christopulos & Smart 2005, s. 126.
  10. 10,0 10,1 Christopulos & Smart 2005, s. 125.
  11. Christopulos & Smart 2005, s. 127.
  12. Powell 2005, s. 8–9.
  13. 13,0 13,1 Powell 2005, s. 9.
  14. Powell 2005, s. 8.
  15. 15,0 15,1 Christopulos & Smart 2005, s. 128.
  16. 16,0 16,1 Christopulos & Smart 2005, s. 129.
  17. 17,0 17,1 Powell 2005, s. 2.
  18. Van Der Graaf Generator – Pawn Hearts. Buddah Records. CAS 1051. 
  19. Christopulos & Smart 2005, s. 135.
  20. «The Best Prog Rock Album in the World... Ever». AllMusic. Henta 26. juli 2020. 
  21. Eder, Bruce (2011). «Pawn Hearts – Van der Graaf Generator | AllMusic». AllMusic. Henta 26. juli 2020. 
  22. 22,0 22,1 Barnes, Mike (2005). «Pawn Hearts». Mojo. Henta 27. juli 2020. 
  23. 23,0 23,1 Christopulos & Smart 2005, s. 131.
  24. Hollingworth, Roy (6. november 1971). «A Plague of Lighthouse Keepers». Melody Maker. Henta 26. juli 2020. 
  25. 25,0 25,1 Powell 2005, s. 11.
  26. Macan, Edward (1997). Rocking the classics: English progressiv rock and the counterculture. Oxford University Press US. s. 250. ISBN 0-19-509887-0.  Google Book Search. Henta 27. juli 2020
  27. Christopulos & Smart 2005, s. 137.
  28. Christopulos & Smart 2005, s. 141.
  29. Powell 2005, s. 12.
  30. Christopulos & Smart 2005, s. 136.

BakgrunnsstoffEndra

  • Tekstar frå heimesida til Peter Hammill