Domra (russisk Домра) er eit russisk klimpre- eller strengeinstrument i lutfamilien med 3–4 metallstrenger og rund kropp. Ein speler ofte domra saman med balalaika. Domraen er kjenneteikna av den lange halsen. Ein pleier spela på han med eit plektrum. I tillegg til trestrenga domra (som blir stemde i kvartar) finst òg ein firestrenga versjon som blir stemt i kvintar på same måte som fiolin og mandolin. Eit liknande instrument er den ukrainske kobzaen.

Domra
Domra-topview2.png
Klassifiseringluttinstrument med rund kropp og hals spelte med plekter, slaviske musikkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-6

Domra finst i ulike storleikar, frå pikkolo til kontrabass. Det sistnemnde instrumentet er nesten ein meter langt med ein halvklode på ca. 80 cm som resonanseboks.

HistorieEndra

Namnet domra finst i den russiske litteraturen på 1500-talet. På denne tida var domra framfor alt eit musikkinstrument for narrar. På 1600-talet blei narrelauget forfølgd av tsaren og kyrkja, og dette medførte at instrumenta blei slegne sund og brunne. Dermed forsvann domraen heilt. Dokumentasjonen er mangelfull, det finst ingen avbildingar og berre nokre mindre noteringar om instrumentet. På slutten av 1800-talet blei den trestrenga domraen rekonstruert av Vasilij Andrejev. Han blei bygd i same storleikar som instrument i fiolinfamilien: pikkolo, prim, alt, tenor, bass og kontrabass. Den firestrenga domraen blei skapt på byrjinga av 1900-talet.

Sjå ògEndra

KjelderEndra