Don't Give Up av Peter Gabriel og Kate Bush

Sang av den engelske singer-songwriteren og rockemusikeren Peter Gabriel (1986)
Don't Give Up
Singel av Peter Gabriel & Kate Bush
frå albumet So
B-side
    • «In Your Eyes (Special Mix)» & «This Is the Picture» (Storbritannia)
    • «Curtains» (USA)
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1986
Innspelt 1985
Sjanger
Lengd
    • 6:32 (album)
    • 6:07 (12"-singel)
Selskap Geffen
Komponist Peter Gabriel
Tekstforfattar Peter Gabriel
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent
Peter Gabriel-kronologi 
Sledgehammer
(1986)
Don't Give Up In Your Eyes
(1986)
Kate Bush-kronologi
The Big Sky
(1986)
Don't Give Up Experiment IV
(1986)


«Don't Give Up» er ein song skriven av Peter Gabriel og spelt inn som ein duett med Kate Bush for albumet So av Gabriel. Singelversjonen låg elleve veker på den britiske singellista i 1986 og nådde ein niandeplass der. Versa som var sungen av Gabriel, skildrar dei isolerte og fortvilte kjenslene hos ein mann, medan refrenga, sungen av Bush, inneheld ord om håp og oppmuntring.

To videoar vart laga for songen av Godley & Creme. Den første bestod av eit enkelt opptak av songarane som omfamnar kvarandre, medan sola vart formørka og kjem fram att. Den andre syner andleta til Gabriel og Bush over ein film av ein by og folka i byen i forfall.

Innhald endre

«In this proud land we grew up strong
we were wanted all along
I was taught to fight, taught to win
I never thought I could fail»

Peter Gabriel
Peter Gabriel og Kate Bush-versjonen

12" (UK)

  1. «Don't Give Up»
  2. «In Your Eyes (Special Mix)»
  3. «This is the picture»

12" (USA)

  1. «Don't Give Up»(LP version)
  2. «Don't Give Up»(edit)
  3. «Curtains»

Limited Edition 7" poster sleeve

  1. «Don't Give Up»
  2. «In Your Eyes (Special Mix)»

Medverkande endre

Salslister endre

Liste Plassering
Australia (Kent Music Report)[1] 5
Belgian Top 30[2] 7
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 9
Canadian Singles Chart 40
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 5
Frankrike (SNEP)[5] 69
Den tyske singellista 27
Irish Singles Chart 4
New Zealand (RIANZ)[6] 16
Spania (Productores de Música de España)[7] 13
UK Singles Chart 9
US Billboard Hot 100 Singles Chart 72

Andre versjonar endre

Secret World Live-turneen song Gabriel songen med Paula Cole og i 2011 med Ane Brun på albumet New Blood i 2011.

Máire Brennan spelte ein versjon av songen som bonusspor i 1999 på albumet Whisper to the Wild Water. Ein annan versjon vart spelt inn av australske Shannon Noll og Natalie Bassingthwaighte. Songen vart spelt inn av Willie NelsonAcross the Borderline, produsert av Don Was, Paul Simon og Roy Halee, med Sinéad O'Connor på den kvinnelege vokalen.

I desember 2005 spelte Alicia Keys og U2-frontmannen Bono songen, med namnet «Don't Give Up (Africa)» for World AIDS Day. Singelen vart berre gjeve ut på iTunes og som ein ringetone hos Cingular Wireless. Fortensta av salet gjekk til Keep a Child Alive.

Andre artistar som har spelt inn songen er The Shadows, Gregorian og Sarah Brightman, Jody Watley, Show of Hands, Xavier Naidoo, Take 6, Jimi Mbaye, Tara MacLean, Shark, Tina Arena og Jeff Martin, The Midway State med Lady Gaga, P!nk og John Legend, Tarja Turunen med Liv Kristine (Leaves' Eyes), David Archuleta, og Take That.

I populærkulturen endre

Songen vart nytta under rulleteksten til thrilleren The Bone Collector med Denzel Washington og Angelina Jolie, i fjernsynsfilmen Perfect Body, i ein episode av Miami Vice, ein episode av Kids Incorporated, under rulleteksten til filmen In God's Hands og ein episode av fjernsynsserien Cold Case.

Kjelder endre

  1. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 50. ISBN 0-646-11917-6. 
  2. «De Radio 2 Top 30». Radio 2. Arkivert frå originalen 15. februar 2017. Henta 22. mars 2020. 
  3. "Ultratop.be – Peter Gabriel / Kate Bush – Don't Give Up" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  4. "Dutchcharts.nl – Peter Gabriel / Kate Bush – Don't Give Up" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  5. "Lescharts.com – Peter Gabriel / Kate Bush – Don't Give Up" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  6. "Charts.org.nz – Peter Gabriel / Kate Bush – Don't Give Up". Top 40 Singles. Hung Medien.
  7. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 

Bakgrunnsstoff endre