Opna hovudmenyen

LivEndra

Alecia Beth Moore vart født i Doylestown i Pennsylvania som dotter av James og Judy Moore; ho er av irsk og tysk opphav på farssida og av litauisk-jødisk på morssida. Ho har òg ein bror ved namn Jason. Ho høyrer til ikkje nokon religion.[treng kjelde]

Som lita var P!nk glad i å synge og danse. Ho var med i gospelkoret i kyrkja og har òg sunge opera. Som tenåring var ho songar i eige lokalband kalla Middleground. Mora og faren skilde seg då P!nk var liten, noko som gjekk hardt innpå henne. Ho skreiv songen «Family Portrait» frå albumet Missundaztood om skilsmålet. Faren var vietnamveteran og politisk aktiv. Dette virkte inn på oppsedinga til P!nk; ho lærde tidleg å utvise sympati med dei svake gruppene i samfunnet. P!nk var ikkje gammal før ho hjelpte faren med å dele ut mat til heimlause. Då ho var 16 år gammal deltok ho på «open mic» på Club Fever. Ho imponerte stort, og DJen lét henne synge kvar helg. Under ein av desse framferdene var det ein representant frå eit plateselskap tilstades. Han leitte etter ein tredje medlem til ei jentegruppe og var svært imponert over det han så. Alecia slutta på skulen, Central Bucks West High, og vart med i gruppa Choice som bestod av 3 kvite jenter som song RnB. Gruppa varte i 2 1/2 år. Men folk hadde fått auga opp for Alecia og ho fekk tilbodet om solokontrakt. Ho tok kallenamnet P!NK, (inspirert frå karakteren Mr. Pink i filmen Reservoir Dogs).

7. januar 2006 gifta ho seg med motorsyklisten Carey Hart på ei strand i Costa Rica etter å ha vore forlova med han sidan 26. juni 2005, der ho fridde til han. Det vart slutt mellom dei i februar 2008, og skulle skiljast, men fann tilbake til kvarandre i mai 2009.

NorgesbesøkEndra

9. november 2009 heldt P!nk konsert i Oslo Spektrum med turneen Funhouse Festival, 25. juli 2010 opptredde ho med sitt Summar Carnival på Odderøya i Kristiansand for over 10 000 tilskodarar.[1] Konserten var den siste på P!nk sin lange europaturné.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Julie Falkevik Tungevåg, Sirkus på Odderøya, Fædrelandsvennen 26.07.10