Don't Think Twice, It's All Right

Don't Think Twice, It's All Right
Song av Bob Dylan
frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan
Utgjeve August 1963
Lengd 3:40
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent John Hammond

It ain't no use to sit and wonder why, babe
It don't matter, anyhow
An' it ain't no use to sit and wonder why, babe
If you don't know by now
When your rooster crows at the break of dawn
Look out your window and I'll be gone
You're the reason I'm trav'lin' on
Don't think twice, it's all right

Bob Dylan

«Don't Think Twice, It's All Right» er ein song skriven av Bob Dylan i 1962 og gjeven ut på albumet The Freewheelin' Bob Dylan i 1963.

Songen vart skriven rundt tida då kjærasten til Dylan, Suze Rotolo, valde å verte verande i Italia. Melodien er basert på ein melodi som Dylan lærte av visesongaren Paul Clayton. I tillegg var eit par linjer teken frå Clayton sin «Who's Goin' to Buy You Ribbons When I'm Gone?» som han spelte inn i 1960, to år før Dylan skreiv «Don't Think Twice». Linjene som er teken frå Clayton sin song er «T'ain't no use to sit og wonder why, darlin'» og «So I'm walkin' down that long, lonesome road».

Den originale albumutgåva av songen er spelt med rask fingerplukking og somme spekulerer i om det kan vere Bruce Langhorne som spelar.[1] På konsertutgåver klimpra ofte Dylan på gitaren i staden, men framleis på ein rask måte.

Andre utgåver

endre

«Don't Think Twice, It's All Right» er spelt av mange andre artistar, mellom andre Arnaldo Baptista, Cher, Johnny Cash, Davey Graham, Odetta, Rory Gallagher, Stone the Crows, Heinz, Elvis Presley, Burl Ives, Waylon Jennings, Flatt and Scruggs, Steve Young, Ramblin' Jack Elliott, Jerry Reed, Joan Baez, Doc Watson, Peter, Paul and Mary, The Waifs, Vonda Shepard, John Martyn, Metric, Elliott Smith, Billy Bragg, Nick Drake, Sandi Thom, Susan Tedeschi, Emily Haines, Susanna and the Magical Orchestra, Boris Grebensjtsjikov, Jackie Greene, Bryan Ferry, Wolfgang Ambros, Arlo Guthrie, Tristan Prettyman, Bree Sharp, Gavin Castleton, Folk By Association, O.A.R. med Matt Nathanson og Mike Ness, Social Distortion, Donavon Frankenreiter, John Anderson og Lenny Breau.

Peter, Paul and Mary gav songen ut på singel og han nådde 9. plass på den amerikanske singellista.

Kjelder

endre