Waylon Jennings

Waylon Arnold Jennings (15. juni 193713. februar 2002) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar. Han er mest kjend som ein av pionerane innan outlaw country-rørsla.

Waylon Jennings
Waylon Jennings RCA cropped.jpg
Jennings kring 1974.
Fødd15. juni 1937(1937-06-15)
FødestadLittlefield i Texas i USA
Død13. februar 2002 (64 år)
DødsstadChandler i Arizona i USA
FødenamnWaylon Arnold Jennings
OpphavUSA
Aktiv1949–2001[1]
Sjanger
Instrument
  • vokal
  • gitar
  • bass
  • piano
Kjende instrumentFender Telecaster A signature penned in black ink
Signaturen til Waylon Jennings
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • musikar
  • DJ[2]
Gift medJessi Colter
BornShooter Jennings
PrisarHoratio Alger Award

Jennings spelte gitar får han var åtte år gammal og spelte tolv år gammal på radiostasjonen KVOW, og skipa det første bandet sitt, The Texas Longhorns, etter det. Jennings slutta på skulen då han var 16 år gammal for å bli musikar, og arbeidde som radio-DJ på ei rekkje radiokanalar i Coolidge i Arizona og Phoenix.

I 1958 arrangerte Buddy Holly den første innspelinga til Jennings og henta han inn til å spele bass for seg. Jennings sa frå seg setet sitt i flyet som styrtar i 1959 og tok livet av Holly, J. P. «The Big Bopper» Richardson og Ritchie Valens.

Jennings skipa sitt eige rockabillyband etter dette, The Waylors, som vart fast band på «JD's», ein nattklubb i Scottsdale i Arizona. Han spelte inn musikk for det sjølvstendige selskapet Trend Records og A&M Records, men fekk ikkje suksess før han flytta til RCA Victor. Han fekk Neil Reshen som manager, som forhandla ein langt betre kontrakt for han.

Etter å ha kjempa om kunstnarisk kontroll hos RCA Victor kom vendepunktet i karrieren hans då han gav ut dei kritikarroste albuma Lonesome, On'ry and Mean and Honky Tonk Heroes, etterfølgd av hitalbuma Dreaming My Dreams og Are You Ready for the Country. I 1970-åra var Jennings ein viktig person i det som vart rekna som outlaw country og i lag med Willie Nelson, Tompall Glaser og Jessi Colter spelte dei inn det første albumet innan countrymusikken som selde til platinaplate i USA, Wanted! The Outlaws. Dette vart følgd opp av Ol' Waylon og hitten «Luckenbach, Texas».

Jennings var med på albumet White Mansions i 1978, som vart framført av ymse artistar som dokumenterte livet til folk i sørstatane under borgarkrigen. Jennings var òg med i filmar og fjernsynsseriar, mellom anna Sesame Street og ein periode som balladesongar for The Dukes of Hazzard, og han skreiv og song kjenningsmelodien til showet og hadde forteljarstemme.

Tidleg i 1980-åra sleit Jennigs med eit kokainproblem, som han klarte å kvitte seg med i 1984. Seinare vart han med i country-supergruppa The Highwaymen med Willie Nelson, Kris Kristofferson og Johnny Cash, som gav ut tre album mellom 1985 og 1995. I denne perioden gav Jennings ut òg det suksessrike albumet Will the Wolf Survive.

Han turnerte mindre etter 1997 for å bruke meir tid på familien. Mellom 1999 og 2001 spelte han òg mindre på grunn av helseproblem. I 2001 vart han innlemma i Country Music Hall of Fame. Han døydde 13. februar 2002 etter komplikasjonar av diabetes. I 2007 fekk han posthumt prisen Cliffie Stone Pioneer Award av Academy of Country Music.

PrisarEndra

År Pris Organisasjon
1970 Beste countrysong av duo eller gruppe med The Kimberlys for «MacArthur Park» The Recording Academy
1975 Årets mannlege vokalist Country Music Association[3]
1976 Årets album med Jessi Colter, Willie Nelson og Tompall Glaser for «Wanted! The Outlaws» Country Music Association[3]
1976 Årets vokalduo med Willie Nelson Country Music Association[3]
1976 Årets singel med Willie Nelson for «Good-Hearted Woman» Country Music Association[3]
1979 Beste countrysong av duo eller gruppe med Willie Nelson for «Mamas, Don't Let Your Babies Grow Up to Be Cowboys» The Recording Academy[4]
1985 Årets singel med andre medlemmar av The Highwaymen for «Highwayman» Academy of Country Music[5]
1999 Innlemma i Texas Country Music Hall of Fame Texas Country Music Hall of Fame[6]
2001 Innlemma i Country Music Hall of Fame Country Music Association[3]
2006 Innlemma i RockWalk Guitar Center
2007 Cliffie Stone Pioneer Award Academy of Country Music
2007 Æresprisen Nashville Songwriters' Festival[6]
2017 Rangert på 7. plassen over dei 100 største countryartistane gjennom tidene Rolling Stone[7]

KjelderEndra

  1. Kienzle, Rich (29. oktober 2012). «CD Review: Waylon Jennings' Last Musical Testament». Post-Gazette. Henta 29. april 2020. 
  2. Dansby, Andrew (14. februar 2002). «Waylon Jennings Dead at Sixty-four». Rolling Stone. Henta 16. november 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Past Winners And Nominees». CMA Awards (på engelsk). Henta 16. november 2020.  (not possible to link directly to search results)
  4. «21st Annual GRAMMY Awards». GRAMMY.com (på engelsk). 28. november 2017. Henta 16. november 2020. 
  5. «Winners». Academy of Country Music (på engelsk). Henta 16. november 2020.  (not possible to link directly to search results)
  6. 6,0 6,1 Jasinski 2012, s. 831
  7. Browne, David; et al. (15. juni 2017). «100 Greatest Country Artists of All Time». Rolling Stone (på engelsk). Henta 16. november 2020. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Waylon Jennings