Don Juan's Reckless Daughter
Don Juan's Reckless Daughter Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. desember 1977[1] | |
Innspelt | 1977 | |
Studio | A&M Studios, Hollywood; orchestra recorded at Columbia Studio C, New York City; additional recording at Basing Street Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 59:38 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Joni Mitchell, Henry Lewy, Steve Katz | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
---|---|---|
Hejira (1976) |
Don Juan's Reckless Daughter | Mingus (1979)
|
Don Juan's Reckless Daughter er eit dobbeltalbum av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell frå 1977. Det er uvanleg eksperimentelt og gjekk lenger i retning av jazzfusion-stilen til Mitchell på Hejira frå året før. Mitchell har sagt at sidan ho var ved slutten av kontrakttida med Asylum Records, let ho albumet vere lausare i stilen enn noko ho hadde laga tidlegare.[8] Don Juan's Reckless Daughter kom ut i desember 1977 til blanda kritikk, men klarte å nå 25. plassen på Billboard-lista og selde til gullplate etter tre månader.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Christgau's Record Guide | B–[5] |
MusicHound Rock | [7] |
Pitchfork Media | 6.1/10[3] |
Rolling Stone | (not rated)[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
Bakgrunn og innhald
endreMykje av albumet er eksperimentelt, men dette gjeld særleg «Overture», der seks gitarar spelar samstundes, somme i ulike stemmingar med ekkoeffektar. «The Tenth World» er ein lang instrumental med latinsk perkusjon, og «Dreamland» inneheld berre perkusjon og vokal (mellom anna av Chaka Khan).
Den mest eksperimentelle av alle er «Paprika Plains», ein 16 minuttar lang song improvisert på piano og arrangert med fullt orkester. Denne tar opp heile side to. Her fortel Mitchell om ei oppleving ein sein kveld på ein bar i lag med kanadiske urfolk, og er innom tema som håpløyse og alkoholisme. På eit punkt i soga forlet ho baren for å sjå på regnet og glir inn i ein drøymetilstand. Teksten, som er trykt i plateomslaget, vert ikkje sungen og vert ei blanding av referansar til uskuldige barndomsminne, ein atombombeeksplosjon og ei uttrykkslaus stamme som ser på drøymaren. Forteljaren går så inn att når regnet har gjeve seg.[8]
To av songane på albumet var gjevne ut tidlegare: «Jericho» av Mitchell på konsertalbumet Miles of Aisles i 1974 og «Dreamland» av Roger McGuinn i 1976 på albumet hans Cardiff Rose.
Don Juan's Reckless Daughter vart framført med prominente jazzmusikarar, mellom andre fire medlemmar frå Weather Report – Jaco Pastorius, Wayne Shorter, Manolo Badrena og Alex Acuña.
Plateomslag
endrePlateomslaget er ein fotomontasje og består av tre fotografi av Mitchell. I framgrunnen er ho sminka som ein svart mann, «rekna som hennar alter ego, ein svart hipster kalla Art Nouveau.»[9][10]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Overture – Cotton Avenue» | 6:41 |
2. | «Talk to Me» | 3:45 |
3. | «Jericho» | 3:22 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Paprika Plains» | 16:21 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Otis and Marlena» | 4:09 | |
2. | «The Tenth World» | Joni Mitchell, Don Alias, Manolo Badrena, Alex Acuña, Airto Moreira, Jaco Pastorius | 6:45 |
3. | «Dreamland» | 4:38 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Don Juan's Reckless Daughter» | 6:36 |
2. | «Off Night Backstreet» | 3:20 |
3. | «The Silky Veils of Ardor» | 4:01 |
Medverkande
endreMusikars
- Joni Mitchell – vokal, gitar; piano på «Paprika Plains»
- Jaco Pastorius – bassgitar; bongotromme på «The Tenth World»; kubjølle på «Dreamland»
- John Guerin – trommer
- Wayne Shorter – sopransaksofon på «Jericho» og «Paprika Plains»
- Alex Acuña – conga, kubjølle, korvokal på «The Tenth World»; shaker på «Dreamland»; ankelbjølle på «Don Juan's Reckless Daughter»
- Don Alias – bongo på «Jericho»; conga, claves, korvokal på «The Tenth World»; skarptromme, sandpapirblokker på «Dreamland»; shakers på «Don Juan's Reckless Daughter»
- Manolo Badrena – congas, kaffikanner, solovokal på «The Tenth World»; conga på «Dreamland»; oppført «i anda» på «Don Juan's Reckless Daughter»
- Airto Moreira – surdo på «The Tenth World» og «Dreamland»
- Larry Carlton – elektrisk gitar på «Otis And Marlena»
- Michel Colombier – piano på «Otis And Marlena»
- Chaka Khan – korvokal på «The Tenth World» og «Dreamland»
- Glenn Frey, J.D. Souther – korvokal på «Off Night Backstreet»
- Michael Gibbs – orkesterarrangement oog dirigent på «Paprika Plains» og «Off Night Backstreet»
- Bobbye Hall – oppført «i anda» på «Don Juan's Reckless Daughter»
- El Bwyd – den splitta anda på «Don Juan's Reckless Daughter»
Produksjon
- Henry Lewy, Steve Katz – produksjon, miksing
- Robert Ash – assisterande lydteknikar
- Frank Laico – orkesterinnspeling
- Glen Christensen – kunstnarisk leiar
- Les Krims – kunst på kjolen til Mitchell
- Norman Seeff – fotografi
- Keith Williamson – fototrykk
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Don Juan's Reckless Daughter» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Don Juan's Reckless Daughter». Rate Your Music. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Ruhlmann, W. (2011). «Don Juan's Reckless Daughter – Joni Mitchell | AllMusic». allmusic.com. Henta 10. juli 2021.
- ↑ «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979 | Album Reviews». Pitchfork Media. 9. november 2012. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Maslin, Janet (2011). «Joni Mitchell: Don Juan's Reckless Daughter : Music Reviews : Rolling Stone». Arkivert frå originalen 24. januar 2009. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. juli 2021 – via robertchristgau.com.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Joni Mitchell». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 547–548. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 8. september 2009. Portions posted at «Joni Mitchell > Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ 8,0 8,1 Joni Mitchell Biography from jonimitchell.com Arkivert 4. august 2008 ved Wayback Machine. Henta 10. juli 2021
- ↑ Evelyn White, "Joni Mitchell, Herizons, June 2010. Reproduced on a fair-use basis in Joni Mitchell.com Library. Henta 30. mars 2011.
- ↑ Larry David Smith, Elvis Costello, Joni Mitchell, and the torch song tradition (2004), Greenwood Publishing Group. ISBN 0-275-97392-1. p.64.