Dorilla in Tempe er ein melodramma eroico pastorale i tre akter av Antonio Vivaldi med ein italiensk libretto av Antonio Maria Lucchini. Operaen hadde premiere ved Teatro San Angelo i Venezia den 9. november 1726. Vivaldi skreiv seinare om operaen fleire gonger for forskjellige framsyningar gjennom den siste halvdelen av karrieren sin.

Dorilla in Tempe
RV709
Opera av Antonio Vivaldi
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert1726
Urframføring9. november 1726
Typisk lengd146:12
Tekst avAntonio Maria Lucchini

Historie endre

Dorilla in Tempe vart godt teke imot under premieren og vart ein av dei personlege favorittane til Vivaldi. Operaen vart det første verket til Vivaldi med mezzosopran Anna Girò i ei av rollene. Ho hadde eit livslangt vennskap og profesjonelt partnarskap med Vivaldi. Operaen vart òg kjend for dei visuelle aspekta, og hadde dei mest utførlege kulissene (av Antonio Mauro) i operahistoria fram til då. Han var òg kjend for den vakre koreografien til Giovanni Galletto.

I 1728 vart operaen spelt på ny på det vesle Teatro San Margherita i Venezia, med nesten identisk tekst, og igjen i Praha ved Sporck teater våre 1732, denne gongen med store endringar i librettoen. Under karnevalet i 1734 vart operaen igjen spelt ved Teatro San Angelo, denne gongen som ein pastisj med nyare musikk frå andre komponistar, mellom andre Hasse, Giacomelli og Leo.

Musikk endre

Det einaste partituret ein har frå Dorilla in Tempe, som ligg i Torino, er frå pastisj-framføringa i 1734. Heldigvis inneheld ikkje berre partituret dei mange tillegga , men òg mykje av det som vart teken bort frå dei tidlegare produksjonane. Noko som er uvanleg for operapartitura til Vivaldi er at sinfoniaen er tydeleg knytt til hovudoperaen. Han følgjer tittelsida i staden for å kome før denne, og musikken i siste satsen - ein C-dur-utgåve av opninga av Våren– dukkar opp i opningsrefenget på operaen.

Roller endre

Rolle Røyst Premierebesetning
9. november 1726
Dorilla, dottera til Admeto mezzosopran Angela Capuano
Admeto, Kongen av Thessaly bass Lorenzo Moretti
Nomio/Apollo, guden Apollo utkledd som gjetar kontraalt (opphavleg kastratsongar) Filippo Finazzi
Elmiro sopran (bukserolle) Maria Maddalena Pieri
Eudamia mezzosopran Anna Giro

Kjelder endre