Dorothy Shirley
Dorothy Ada Shirley (fødd 15. mai 1939) er ein britisk tidlegare høgdehoppar frå Manchester som vann EM-bronse i 1958 og OL-sølv i 1960.
Dorothy Shirley | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 15. mai 1939 (85 år) Manchester |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1960 |
Aktiv
endreShirley hoppa over 1,67 meter då europameisterskapen 1958 vart avvikla i Stockholm, einast Romanias Iolanda Balaș og sovjetiske Taisija Tsjentsjik kom over henne. Under Sommar-OL 1960 i Roma tok tre utøvarar seg over 1,71 meter i fyrste forsøk. Av desse fekk Dorothy Shirley og polske Jarosława Jóźwiakowska kvar si sølvmedalje for prestasjonen, medan Iolanda Balaș ikkje stoppa før etter ho hadde gått over 1,85 meter.
I september 1962 vart Shirley nummer 4 ved EM i Beograd, med 1,67 meter enda ho seks centimeter under bronseplassen. Sju år seinare, i hennar fjerde og siste europameisterskap, hoppa ho livsbeste 1,74 meter, vart likevel ikkje betre enn nummer 11.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dorothy Shirley» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2022.