Opna hovudmenyen
52nd Street
Studioalbum av Billy Joel
Utgjeve 13. oktober 1978
Innspelt A&R Recording, Inc., 799 7th Avenue på 52nd Street, New York City; Juli og august 1978
Sjanger Rock, jazzrock
Lengd 40:26
Selskap Family Productions/Columbia
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
The Stranger
(1977)
52nd Street Glass Houses
(1980)
Singlar frå 52nd Street
  1. «My Life»
    Utgjeve: 28. oktober 1978
  2. «Big Shot»
    Utgjeve: 1979
  3. «Honesty»
    Utgjeve: 1979
  4. «Until the Night»
    Utgjeve: Mars 1979

52nd Street er det sjette studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, utgjeve den 13. oktober 1978. Det vart det første av fire Joel-album som nådde toppen av Billboard-lista og gav han to Grammyprisar (av i alt fire).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB−[2]

Tre songar frå albumet nådde topp 40 i USA, og medverka til at albumet vart ein suksess: «My Life» (#3), «Big Shot» (#14) og «Honesty» (#24).[3] Det fekk god kritikk i musikkpressa og gav Joel Grammyprisen i 1979 for årets album.[4] Denne Grammy-prisen vart gjeven til produsenten, Phil Ramone. Då Ramone døydde fekk Joel prisen attende.

Allmusic hyllar Joel for å ha utvida stilen sin i 1977 på The Stranger, og skildra 52nd Street som «meir sofistikert og noko jazz-aktig.»[5] Jazztrompetisten Freddie Hubbard er til dømes gjest på «Zanzibar». Tittelen på albumet syner til 52nd Street, som var eit av jazzsentera i New York City midt på 1900-talet. Plateselskapet til Joel hadde hovudkvarteret sitt på 52nd Street (i CBS Building) då albumet kom ut. Studioet der 52nd Street vart spelt inn låg på 52nd Street, eit kvartal frå CBS-bygningen.

Den 1. oktober 1982 vart 52nd Street det første albumet som kommersielt vart gjeven ut på CD av Sony Music Entertainment då han vart lagt ut for sal i Japan.[6][7] I 2003 vart albumet rangert på 352. plass og i 2011 på 354. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene..[8]

Songen «Rosalinda's Eyes» var inspirert av mor til Joel, Rosalind Nyman Joel (d. november 2014).[9]

Innhaldsliste

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Billy Joel

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Big Shot»   4:03
2. «Honesty»   3:56
3. «My Life»   4:44
4. «Zanzibar»   5:13
Side to
# Tittel Lengd
5. «Stiletto»   4:42
6. «Rosalinda's Eyes»   4:41
7. «Half a Mile Away»   4:08
8. «Until the Night»   6:35
9. «52nd Street»   2:27

MedverkandeEndra

ListerEndra

Liste (1978–80) Plassering
Australian Kent Music Report Chart[10] 1
Austerrike[11] 4
Canadian RPM Albums Chart[12] 1
Nederland[13] 33
Finland[14] 28
Frankrike [15] 2
Italia[16] 12
Japan[17] 9
New Zealand [18] 1
Noreg[19] 5
Spania[20] 13
Sverige[21] 18
UK Albums Chart [22] 10
U.S. Billboard 200 [23] 1
Vest-Tyskland [24] 19

KjelderEndra

  1. «52nd Street Overview». Allmusic. Henta 1 May 2011. 
  2. «Billy Joel Review». Robert Christgau. Henta 1 May 2011. 
  3. «allmusic 52nd Street». allmusic.com. Henta 29. august 2014. 
  4. «Past Winners Search». grammy.com. Henta 29. august 2014. 
  5. Allmusic review
  6. «Rock on! The compact disc turns 30». CNN. Henta 29. august 2014. 
  7. Milner, Greg (2009). Perfecting Sound Forever: An Aural History of Recorded Music. Macmillan. s. 215. ISBN 0-571-21165-8. 
  8. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone Magazine. Henta 29. august 2014. 
  9. «Billy Joel's mother, '78 song's namesake, dies». Tyler Morning Telegraph. Associated Press. July 16, 2014. s. 7A. 
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. «austriancharts.at Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien (på German). Henta 29. august 2014. 
  12. «Top Albums/CDs - Volume 30, No. 21, February 17, 1979». RPM. Henta 29. august 2014. 
  13. «dutchcharts.nl Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, dutchcharts.nl (på Dutch). MegaCharts. Henta 12. september 2011. 
  14. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  15. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på French). infodisc.fr. Henta 12. september 2011. 
  16. «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1979» (på Italian). hitparadeitalia.it. Henta 29. august 2014. 
  17. a-ビリー・ジョエル «- Yamachan Land (Archives of the japansk record charts) - Albums Chart Daijiten - Billy Joel» Check |url= value (hjelp) (på japansk). 30. desember 2007. Henta 29. august 2014. 
  18. «charts.org.nz - Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, charts.org.nz. Recording Industry Association of New Zea Land. Henta 29. august 2014. 
  19. «norwegiancharts.com Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, norwegiancharts.com. VG-lista. Henta 29. august 2014. 
  20. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  21. «swedishcharts.com Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, swedishcharts.com (på Swedish). Sverigetopplistan. Henta 29. august 2014. 
  22. «Chart Stats - Billy Joel - 52nd Street». UK Albums Chart. Henta 19. august 2011. 
  23. «allmusic ((( 52nd Street > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 29. august 2014. 
  24. «Album Search: Billy Joel» (på German). Media Control. Henta 29. august 2014.