An Innocent Man
An Innocent Man Studioalbum av Billy Joel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. august 1983 | |
Innspelt | Chelsea Sound og A&R Recording, Inc. i New York City våren 1983 | |
Sjanger | Rock, poprock | |
Lengd | 40:25 | |
Selskap | Family Productions/Columbia | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
---|---|---|
The Nylon Curtain (1982) |
An Innocent Man | Greatest Hits, Vols. 1 & 2 (1985) |
Singlar frå An Innocent Man | ||
|
An Innocent Man er det niande studioalbumet av den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut 8. august 1983. Albumet er ei hyllest til den amerikanske popmusikken Joel lytta til i tenåra, seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, hovudsakleg doo-wop og soul.[3] Fotografiet på plateomslaget vart teken på trappa føre 142 Mercer Street, like nord for krysset mellom Mercer og Prince Street i SoHo i New York City.[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Lister
endreAlbumet inneheld tre singlar som nådde topp 10 på Billboard-lista: «Tell Her About It», som nådde toppen av lista, «Uptown Girl», som nådde tredjeplassen og «An Innocent Man», som nådde tiandeplassen. Fire andre singlar vart gjevne ut frå albumet: «The Longest Time» (14.), «Leave a Tender Moment Alone» (27.), «Keeping the Faith» (18.) og «This Night» (amerikansk B-side for «Leave a Tender Moment Alone»). «Tell Her About It» og «Uptown Girl» fekk internasjonal suksess — «Uptown Girl» nådde toppen av singellista i Storbritannia, Australia og New Zealand. An Innocent Man låg på den amerikanske albumlista i 111 veker, og vart det Joel-albumet som låg lengst inne på lista, etter The Stranger. I over eitt år låg albumet òg på listene i Storbritannia, Japan og Australia.
Prisar
endreSom dei tre førre albuma hans, vart Joel nominert til Grammyprisen for årets album, men tapte for Michael Jackson sitt Thriller. Joel var òg nominert for beste popsong med «Uptown Girl», men Jackson vann den kategorien òg.
Bakgrunn
endreI eit intervju om innspelinga av albumet snakka Joel om at han var nyskilt frå den første kona, Elizabeth Weber, då han spelte inn dette albumet, og singel for første gong sidan han var blitt rockestjerne. Han hadde derfor høve til å gå på date med supermodellar som Elle Macpherson og Christie Brinkley, og på grunn av dette følte han seg igjen som ein tenåring.[3] Han starta derfor å skrive desse songane i popstilen han hugsa frå tenåra sine.
Joel forklarte «Når du skal skrive [songar for eit nytt album], skriv du det du føler. Og eg kjempa ikkje i mot. Songane kom så raskt og lett, og eg hadde det så moro å skrive dei. Eg levde på ein måte opp att ungdomen min... eg trur eg hadde skrive alle songane for albumet i løpet av ein seks vekers periode.» Joel sa òg at han vart positivt overraska over at retrosongar som «The Longest Time» kunne bli ein hit i 1980-åra.[3]
Innhald
endreBilly Joel, utanom refrenget på «This Night», som er tilskriven Beethoven.
Innhaldet på vinylplata er litt forskjellig frå kassett- og den originale CD-utgåva, der «The Longest Time» og «Uptown Girl» har byta plass.
LP-versjonen
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Easy Money» (Hyllest til James Brown og Wilson Pickett[3]) | 4:04 |
2. | «An Innocent Man» (Hyllest til Ben E. King og The Drifters) | 5:17 |
3. | «The Longest Time» (Hyllest til doo-wop) | 3:42 |
4. | «This Night» (Hyllest til Little Anthony and the Imperials) | 4:17 |
5. | «Tell Her About It» (Hyllest til jentegrupper frå Motown som The Supremes og Martha and the Vandellas) | 3:52 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Uptown Girl» (Hyllest til Frankie Valli og The Four Seasons[5]) | 3:17 |
2. | «Careless Talk» (Hyllest til Sam Cooke) | 3:48 |
3. | «Christie Lee» (Hyllest til Little Richard) | 3:31 |
4. | «Leave a Tender Moment Alone» (Hyllest til Smokey Robinson) | 3:56 |
5. | «Keeping the Faith» (Hyllest til sein 50-tals og tidleg 60-tals R&B) | 4:41 |
Medverkande
endre- Billy Joel - piano (SF-10), Fender Rhodes, Hammond B3 organ, vokal, korvokal
- Liberty DeVitto - trommer
- Doug Stegmeyer - bass
- David Brown - elektrisk gitar, akustisk gitar, sologitar
- Russell Javors - elektrisk gitar, akustisk gitar, rytmegitar
- Mark Rivera - altsaksofon, tenorsaksofon, perkusjon
- Ralph MacDonald - perkusjon on «Leave a Tender Moment Alone» og «Careless Talk»
- Leon Pendarvis - Hammond B3 organ på «Easy Money»
- Richard Tee - akustisk piano på «Tell Her About It»
- Eric Gale - elektrisk gitar på «Easy Money»
- «String Fever» - strykarar
- Ronnie Cuber - barytonsaksofon på «Easy Money», «Careless Talk», «Tell Her About It» og «Keeping the Faith»
- Jon Faddis - trompet på «Easy Money»
- David Sanborn - altsaksofon på «Easy Money»
- Joe Shepley - trompet på «Easy Money», «Careless Talk», «Tell Her About It» og «Keeping the Faith»
- Michael Brecker - tenor saksofon på «Careless Talk», «Tell Her About It» og «Keeping the Faith»
- John Gatchell - trompet på «Careless Talk», «Tell Her About It» og «Keeping the Faith»
- Tom Bahler - korvokal
- Rory Dodd - korvokal
- Frank Floyd - korvokal
- Lani Groves - korvokal
- Ullanda McCullough - korvokal
- Ron Taylor - korvokal
- Terry Textor - korvokal
- Eric Troyer - korvokal
- Mike Alexander - korvokal
Soloar
- «Toots» Thielemans - munnspel på «Leave a Tender Moment Alone»
- Mark Rivera - altsaksofon på «Keeping the Faith», «This Night» og «Christie Lee»
Produksjon
endre- Produsent: Phil Ramone
- Lydteknikarar: Jim Boyer, Bradshaw Leigh
- Assisterande lydteknikarar: Mike Allaire, Scott James
- Produksjonskoordinator: Laura Loncteaux
- Mastering: Ted Jensen
- Horn- og strykearrangement: David Matthews
- Korvokalarrangement: Tom Bahler
- Musikalsk rådgjevar: Billy Zampino
- Fotografi: Gilles Larrain
- Plateomslag: Christopher Austopchuk, Mark Larson
- Innspelt ved Chelsea Sound og A & R Recording, Inc., New York, NY
- Miksa ved A & R Recording, Inc., New York, NY
- Mastra ved Sterling Sound, New York, NY
Lister
endreListe (1983–85) | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report Albums Chart[6] | 3 |
Canadian RPM Albums Chart[7] | 12 |
Nederland[8] | 14 |
Frankrike [9] | 11 |
Japan[10] | 3 |
New Zealand [11] | 1 |
Noreg[12] | 9 |
Sverige[13] | 39 |
UK Albums Chart [14] | 2 |
USA Billboard 200[15] | 4 |
Vest-Tyskland [16] | 36 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «An Innocent Man» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ An Innocent Man på Allmusic
- ↑ Parke Puterbaugh (18. august 1983), «Music Reviews : An Innocent Man by Billy Joel», Rolling Stone, arkivert frå originalen 20. februar 2008, henta 30. august 2014
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Billy Joel Website Interview, arkivert frå originalen 19. mars 2016, henta 30. august 2014
- ↑ «Billy Joel - An Innocent Man - Album Cover Location», PopSpots
- ↑ Billy Joel website interview, arkivert frå originalen 19. mars 2016, henta 30. august 2014
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ Library and Archives Canada. Henta 29. august 2014
- ↑ «dutchcharts.nl Billy Joel - An Innocent Man». dutchcharts.nl. MegaCharts. Henta 29. august 2011.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Billy JOEL». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 10. september 2013. Henta 29. august 2011.
- ↑ «Yamachan Land (japansk Chart Archives) - Albums Chart Daijiten - Billy Joel» (på japansk). Original Confidence. 30. desember 2007. Arkivert frå originalen 19. juni 2007. Henta 29. august 2011.
- ↑ «charts.org.nz - Billy Joel - An Innocent Man». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen 24. juni 2016. Henta 29. august 2011.
- ↑ «norwegiancharts.com Billy Joel - An Innocent Man». Henta 29. august 2011.
- ↑ «swedishcharts.com Billy Joel - An Innocent Man». Sverigetopplistan. Henta 29. august 2011.
- ↑ «Chart Stats - Billy Joel - An Innocent Man». UK Albums Chart. Henta 29. august 2011.
- ↑ Allmusic - An Innocent Man > Charts & Awards > Billboard Albums
- ↑ «Album Search: Billy Joel» (på tysk). Media Control. Henta 28. august 2011.