Douglas Fairbanks jr.
Douglas Fairbanks jr. (9. desember 1909–7. mai 2000) var ein amerikansk skodespelar fødd i New York.
Douglas Fairbanks jr. | |||
| |||
Fødd | 9. desember 1909 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Død | 7. mai 2000 (90 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Fødenamn | Douglas Elton Ulman Fairbanks | ||
Aktive år | 1916–1997 | ||
Verka som | skodespelar, offiser, manusforfattar, filmskodespelar, filmprodusent, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar | ||
Mor | Anna Beth Sully | ||
Far | Douglas Fairbanks | ||
Ektefelle | Joan Crawford, Mary Lee Epling | ||
Born | Daphne Nancy Beth Fairbanks, Victoria Susan Fairbanks, Melissa Louise Fairbanks | ||
Prisar | Knight Commander of the Order of the British Empire, Legionnaire of Legion of Merit, Æreslegionen, Silver Star, Sydkorsordenen, stort fortjenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Han var son av Douglas Fairbanks sr.[1] og den første kona hans, Anna Beth Sully. Då han var 10 år vart foreldra skilte. Douglas jr. budde saman med mor si i kortare periodar i Paris, London og California.
I 1923 blei den 13 år gamle Fairbanks jr. gjeven ein kontrakt med Paramount Pictures, mykje på grunn av namnet til faren. Produsenten Jesse L. Lasky sa at han var ein «typisk amerikansk gut på sitt beste», og truleg kom til å spela i ein film om Tom Sawyer.[2][3] Far hans var ikkje nøgd, og meinte sonen heller burde fortsetja skulegangen.[4] Tom Sawyer blei ikkje laga, men i staden debuterte Fairbanks jr. i Stephen Steps Out (1923).[5][6][7] Filmen blei ingen stor suksess.
Han fekk biroller av Paramount i The Air Mail (1925) og Wild Horse Mesa (1925).[8] Sam Goldwyn lånte han til ei ungdomsrolle i Stella Dallas (1925), og dette blei den fyrste kassasuksessen hans.[9]
Kjelder
endre- ↑ «Douglas Fairbanks». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. mai 2019.
- ↑ «DOUG, JR., ALL SIGNED UP: Jesse L. Lasky Announces Contract With Young Son of Celebrated Actor; May Do "Tom Sawyer"». Los Angeles Times. 24. mai 1923. s. II1.
- ↑ «DOUGLAS FAIRBANKS JR. SCREEN ACTOR AT 13: Famous Players–Lasky Co. Sign Son of Famous Star at $1,000 a Week for Three Years.». New York Times. 25. mai 1923. s. 28.
- ↑ «DOUG SORRY TO SEE SON IN PICTURES: Star Feels Boy Should Finish Education Before Choosing Career Los Angeles Times». 25. mai 1923. s. II1.
- ↑ Bawden & Miller 2016, s. 94.
- ↑ «Stephen Steps Out». The Mail 12 (622) (Adelaide, Australia). 19. april 1924. s. 13. Henta 20. mars 2018 – via National Library of Australia.
- ↑ «Douglas Fairbanks, Jr. to get $1,000 a week». The Washington Post. 24. mai 1923. ProQuest 149301047
- ↑ «FORTY NEW PHOTOPLAYS SCHEDULED: Paramount Announces Long List of Forthcoming Productions». Los Angeles Times. 1924-11- 15. s. 7.
- ↑ Kingsley, Grace (4. juni 1925). «FLASHES: WON'T LEAVE US HAROLD LLOYD TO MAKE NEW PICTURE HERE». Los Angeles Times. s. A9.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Douglas Fairbanks jr.» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Douglas Fairbanks jr.» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2023.