Drammensveien i Asker og Lier

Drammensveien er namnet på ein veg frå Asker sentrum i Asker kommune i Akershus til ei rundkøyring ved nordenden av Damtjern i Lier kommune i Buskerud (i Asker ei strekning av fylkesveg 203 i Akershus, og i Lier fylkesveg 16 i Buskerud). Dette er ei ombygd strekning av den tidlegare hovudvegen mellom Oslo sentrum og Drammen, som hadde namnet Drammenveien i mest heile lengda. Men då den noverande parsellen av Europaveg 18 mellom dei to byane vart bygd, vart den gamle Drammensveien stykka opp, og Drammenveien i Asker og Lier kommunar er den eine av dei to strekningene av denne tidlegare sterkt trafikkerte hovudåra som framleis har namnet Drammensveien. Den andre delstrekninga er Drammensveien i Oslo. Elles har dei strekningane som framleis er att av den gamle hovudvegen i kommunane Asker og Bærum, gått inn i lokalvegsystema og fått andre namn, som til dømes dei gamle og ombygde strekningane av Drammensveien i Asker som har fått namna Billingstadsletta og Kirkeveien.

Som fylgje av at Drammensveien i Asker har vore ei strekning av den gamle hovudvegen, har dei husa og eigedomane som ligg til vegen framleis nummer på nihundretalet, som er den same nummereringa som då nummerrekkja tok til der Drammensveien byrja i Oslo.

I Asker kommune finst òg ein veg med namnet Gamle Drammensveien. Denne vegen er «gamal» i høve til den tidlegare hovudvegen Drammenveien, ikkje i høve til den noverande Europaveg 18, som i daglegtale òg ofte vert kalla Drammensveien.