Dub-poesi

(Omdirigert frå Dub poetry)

Dis poem, shall speak of the wretched sea
That washed ships to these shores
Of mothers cryin' for their young swallowed up by the sea
Dis poem shall say nothin' new
Dis poem shall speak of time
Time unlimited time undefined
Dis poem shall call names
Names like Lumumba, Kenyatta, Nkrumah
Hannibal, Akenaton, Malcolm, Garvey, Haile Selassie
Dis poem is vexed about apartheid, rascism, fascism
The Klu Klux Klan riots in Brixton Atlanta, Jim Jones

Mutabaruka: «Dis poem»[1]

Dub-poesi eller dub-dikting (engelsk dub poetry) er ei musikk-inspirert form for lyrikk som oppstod på Jamaica og i England tidleg på 1970-talet.[2] Ho utvikla seg frå toasting over reggae og dub-musikk, der ein sa, messa eller song fram improvisert tekst over intstrumentalspor laga av reggaelåtar. Dub-dikting er førebudd tekst som kan framførast til slike riddimspor, eit band eller utan musikk.

Dub-poesi blir vanlegvis framført på jamaicansk patwa eller karibisk-påverka engelsk. Medan ho ofte er ei munnleg form som blir framført på ein scene eller spelt inn på plate, er det også blitt stadig vanlegare å gje ut diktinga som rein tekst.[2] Tema i diktinga er ofte politiske, og ein kan ta opp emne som rasisme og politivald. Ein kan også skildra livet, musikk, sex eller ganja (marihuana). Rastafarianisme er ei viktig inspirasjonskjelde.[2]

Historie og utbreiing endre

if I woz a tap-natch poet
like Chris Okigbo
Derek Walcot
ar T.S. Eliot
I woodah write a poem
soh dyam deep
dat it bittah-sweet
like a precious
memari
whe mek yu weep
whe mek yu feel incomplete

Linton Kwesi Johnson: «If I Woz a Tap-Natch Poet» [3]

Tidlege dub-diktarar var Mutabaruka og Oku Onuora på Jamaica, der han hadde ein kjerne ved Jamaica School of Drama,[4] og Linton Kwesi Johnson i England. Linton Kwesi Johnson var den som laga omgrepet «dub poetry».[5] Han gav ut Dread Beat an' Blood som ei diktsamling i 1975 og som eit album i 1978.[5] Andre tidlege utgjevingar var albumet Reflection In Red av Oku Onuora frå 1979 og albumet Rasta (1982) og boka The Dread Affair (1985) av britiskfødde Benjamin Zephaniah. Andre tidlege leiande dub-diktarar er Michael «Mikey» Smith, Jean Binta Breeze og Levi Tafari.[2]

Sjangeren har også spreidd seg til det nordamerikanske fastlandet, med særleg mange dub-diktarar i Canada. Lillian Allen, Afua Cooper og Ahdri Zhina Mandiela er nokre av pionerane innan canadisk dub-poesi.

Diskusjon kring omgrepet endre

Dub-poesi var eit svar på Edward Kamau Brathwaite si oppmoding til å dikta på eit afrokaribisk nasjonsspråk eller nation language.[4] Litteraturprofessoren Mervyn Morris var tidleg ute med å anerkjenna sjangeren og redigera diktsamling med dub-poesi.[6]

Då han laga omgrepet dub poetry meinte Linton Kwesi Johnson den opphavlege toastinga som jamaicanske DJ-ar dreiv med til instrumentalspor. Sjølv skreiv han tekstane før det blei lagt musikk til, og dermed passar ikkje diktinga inn under hans definisjon av omgrepet.[5]

Jean Binta Breeze, som blei kjend som den første kvinnelege dub-diktaren, har uttykt at ho fann forma avgrensande i høve til kva ein kunne skriva om og korleis kunne framføra, og slutta å definera seg som ein dub-diktar.[7]

Kjelder endre

  1. «Mutabaruka - Dis poem». Jah Lyrics. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Baldick, Chris (2015). «dub poetry». The Oxford Dictionary of Literary Terms. Oxford University Press. Henta 1. desember 2017. 
  3. SILJA J.A. TALVI (22. desember 2006). «The dub poetry of Linton Kwesi Johnson». Dread Beats - In These Times. 
  4. 4,0 4,1 «Dub Poetry». The Oxford Companion to Modern Poetry. Oxford University Press. 2013. Henta 2. desember 2017. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Linton Kwesi Johnson». British Council. Henta 2. desember 2017. 
  6. Ally Brennan (2009). «Sound, Rhythm, and Power: Legends of Dub Poetry». 
  7. Jean Binta Breeze (1990), «Can a dub poet be a woman?», Women: A Cultural Review (1:1, 47-49), doi:10.1080/09574049008578018 

Bakgrunnsstoff endre

  • Christian Habekost, Verbal Riddim: The Politics and Aesthetics of Afro-Caribbean Dub Poetry (Rodopi, 1993).