Patwa (/patowa/) eller jamaican patois er eit kreolspråk som blir tala på Jamaica og blant personar av jamaicansk bakgrunn i Canada, Costa Rica, Den dominikanske republikken, Panama, Storbritannia og USA.[1] Språket har røtene sine i engelsken brukt av slavar tekne frå Vest-Afrika til Jamaica, som hadde ulike morsmål.

Patwa
Pawa, patwah, patois
Andre namn Jamaican patois, jamaicansk kreol
Klassifisering engelskbasert kreolspråk
Bruk
Tala i Jamaica
Patwatalande i alt 3 181 171 (år 2001)[1]
Språkkodar
ISO 639-1 -
ISO 639-2 -
ISO 639-3 jam
To setningar på patwa. Omsett til engelsk ville dei vore: «I don't understand what he says at all. The man became angry when he saw his daughter with a man with dreadlocks.»

Patwa er hovudsakleg eit munnleg språk som også er mykje brukt innan musikk, som i reggae og dancehallmusikk. Sjølv om standard britisk engelsk hovudsakleg blir brukt som skriftspråk på Jamaica, har patwa også blitt ein del brukt til nedskriven litteratur dei siste hundre åra. Claude McKay gav ut ei bok med jamaicanske dikt, Songs of Jamaica, i 1912, medan Louise Bennett («Miss Lou») gav ut vers og forteljingar på midten av 1900-talet. I nye skriftlege forum, som på e-post, kan ein veksla mellom patwa og engelsk (kodeveksling) og oppnå ein stilistisk kontrast.[2]

Fonologi

endre

Skildringar av grunnleggjande patwa (som ligg fjernt frå standard engelsk) nemner rundt 21 fonemiske konsonantar[3] og mellom 9 og 16 vokalar.[4]

Konsonantar[5]
Labial Alveolar Post-
alveolar
Palatal2 Velar Glottal
Nasal m n ɲ ŋ
Lukkelyd p b t d c ɟ k ɡ
Frikativ f v s z ʃ (h)1
Approksimant
/lateral
ɹ j w
l
^1 Statusen til /h/ som eit fonem er dialektal - i vestlege variantar er han eit fullt fonem and ein har minimale par (/hiit/ 'hit' og /iit/ 'eat'); i sentrale og austlege variantar er bruken av [h] i eit ord eller ikkje i fri variasjon med ingen konsonant, slik at orda 'hand' og 'and' begge kan uttalast [han] eller [an].[6]
^2 Dei palatale lukkelydane [c], [ɟ][7] og [ɲ] er rekna som fonemiske i nokre skildringar[8] og fonetiske i andre.[9] For sistnemnde forståing er dei rekna som del av palatalisering.

Døme på palatalisering er:[10]

  • /kiuu/[ciuː][cuː] ('a quarter quart (of rum)')
  • /ɡiaad/[ɟiaːd][ɟaːd] ('guard')
  • /piaa + piaa/[pʲiãːpʲiãː][pʲãːpʲãː] ('weak')

Stemde lukkelydar er implosive når dei kjem i opptakten til framtredande stavingar (særleg først i ord) slik at /biit/ ('beat') blir uttalt [ɓiːt] og /ɡuud/ ('good') som [ɠuːd].[11]

 
Vokalar i patwa.[12]

Patwa har to former for vokalharmoni: Periferal, der berre seriar av periferale vokalar (/i/, /u/ og /a/) kan opptre i ei staving, og bakre, der /i/ og /u/ ikkje kan opptre saman i ei staving (det vil seia at /uu/ og /ii/ kan opptre men ikkje * /ui/ eller * /iu/.[13] Desse to fenomena forklarer tre lange vokalar og fire diftongar:[12]

Vokal Døme Engelsk versjon
/ii/ /biini/ 'tiny'
/aa/ /baaba/ 'barber'
/uu/ /buut/ 'booth'
/ia/ /biak/ 'bake'
/ai/ /baik/ 'bike'
/ua/ /buat/ 'boat'
/au/ /taun/ 'town'

Grammatikk

endre

Tid/aspekt-systemet i patwa er fundamentalt forskjellig det i standard engelsk. Det har ikkje morfologisk markerte fortidspartisipp, men har i staden to partisipp, en og a, som fungerer som partikkelord. Desse orda kan ikkje stå åleine (som engelsk to be), og har ulike funksjonar frå standard engelsk.

For presens markerer eit ubøygd verb saman med eit gjentakande adverb vane, som i /tam aawez nuo kieti tel pan im/ ('Tom always knows when Katy tells/has told about him').[14]

  • en er ein tidsmarkør
  • a er ein aspektmarkør
  • (a) go blir brukt til å markera framtid
  • /mi ɹon/
    • I run (habitually); I ran
  • /mi a ɹon/ or /mi de ɹon/
    • I am running
  • /a ɹon mi dida ɹon/ or /a ɹon mi ben(w)en a ɹon/
    • I was running
  • /mi did ɹon/ or /mi ben(w)en ɹon/
    • I have run; I had run
  • /mi a ɡo ɹon/
    • I am going to run; I will run

Som i andre karibiske kreolspråk (guyanesisk kreol og San Andrés-Providencia-kreol, ikkje sranan tongo) har /fi/ fleire funksjonar, mellom anna:[15]

  • Direktiv, dativ eller benefaktiv preposisjon
    • /dem a fait fi wi/ ('They are fighting for us')[16]
  • Genitiv preposisjon (markør for eigedel)
    • /dat a fi mi buk/ ('that's my book')
  • Modal auxiliary expressing obligation or futurity
    • /im fi kom op ja/ ('he ought to come up here')

Pronominalsystem

endre

Nokre variantar av patwa skil ikkje mellom kjønn eller kasus, men alle variantar skil mellom andreperson eintal og fleirtal, til forskjell frå standard engelsk.

  • /mi/ = I, me
  • /ju/ = you, you (eintal)
  • /im/ (eller [ĩ]) = he, him
  • /ʃi/ eller /im/ (ingen skilnad mellom kjønn i grunnleggjande variantar) = she, her
  • /wi/ = we, us, our
  • /unu/ = you (fleirtal)
  • /dem/ = they, them, their

Kopula

endre

A blir brukt til å knyta subjekt og predikativ saman i ein setning (tilsvarande norsk 'å vere'):

  • /mi a di tiitʃa/ ('I am the teacher')

Patwa har eit anna lokativt verb, deh:

  • /wi de a london/ eller /wi de inna london/ ('we are in London')

Saman med ekte adjektiv treng ein ikkje kopula:

  • /mi haadbak nau/ ('I am old now')

Dette minner om spansk som også har to distinkte former av verbet 'å vere' - ser og estar - der ser er ekvativt og estar er lokativt. Liknande skilnader finst i andre romanske språk, som italiensk og portugisisk.

Negasjon

endre
  • /no/ blir brukt for nektingar i presens:
    • /if kau no did nuo au im tɹuotuol tan im udn tʃaans pieɹsiid/ ('If the cow knew that his throat wasn't capable of swallowing a pear seed, he wouldn't have swallowed it')[17]
  • /kiaan/ blir brukt som engelsk can't
    • /it a puoɹ tiŋ dat kiaan maʃ ant/ ('It is a poor thing that can't mash an ant')[18]
  • /neva/ er eit negativt fortidspartisipp.[19]
    • /dʒan neva tiif di moni/ ('John did not steal the money')

Ordforrråd

endre

Mange ord i patwa kjem frå engelsk, men det finst også lånord frå spansk, portugisisk, hindi og arawak og frå skotske og irske dialektar. Ein heil del ord jar afrikansk opphav. Ein finn særleg mange ord frå twi (ein variant av akan).[20]

Døme på ord av afrikansk opphav er /se/ ('at' eller that, som i he told me that... = /im tel mi se/), frå asjanti-twi, og duppy ('skrømt'), frå twi dupon ('cotton tree root'), etter ei afrikansk overtyding om at vonde ånder kjem frå trerøter.[21] Pronomenet /unu/, for 'dykk', kjem frå igbo. De i tydinga 'å vere' (ein stad) kjem frå joruba.[22] Frå asjanti-akan kjem omgrepet obeah, som tyder heksekunst, frå asjanti-twi-ordet Ɔbayi.[20] Fruktnamnet ackee kjem frå akan akye fufo.[23] Også namnet på retten callaloo har truleg vestafrikansk opphav.[24]

Frå hindi kjem ord som ganja (marijuana), janga (kreps), roti og dal. Pickney eller pickiney, i tydinga 'barn', tidlegare piccaninny, kjem opphavleg frå portugisisk pequenino (diminutiv av pequeno, 'liten') eller spansk pequeño ('liten').

Språkdøme

endre
  • /tɹii man did a swim/ - Three men swam.
  • /mi aalmuos lik im/ - I nearly hit him[25]
  • /im caan biit mi, im dʒos loki dat im won/ - He can't beat me, he simply got lucky and won.[26]
  • /dem pikni de out a audu/ - Those children are disobedient
  • /siin/ - bekreftande partikkel[27]
  • /papiˈʃuo/ - Foolish exhibition, a person who makes a foolish exhibition of him or herself, or an exclamation of surprise.[28]
  • /uman/ - Woman[29]
  • /bwoi/ - Boy[30]
  • /ɡjal/ - Girl
  • /mi nu nuo/ - I don't know

Ortografi

endre

Patwa har lenge blitt skrive utan normer, slik at eit ord som engelsk there kan ha blitt skrive [de], [deh] eller [dere], og eit ord som three som [tree], [tri] eller [trii]. Ein kan bruka standard engelsk staving eller ei ikkje-standard staving kan bli vanleg, som [pickney] for /pikni/, 'barn'.

I 2002 skipa University of the West Indies ein Jamaican Language Unit for å standardisera språket. Eit føremål med dette var å støtta patwa-talande jamaicanarar som ikkje talar flytande standard engelsk.[31] Gruppa standardiserte språket slik:[32]

Korte vokalar
Bokstav Patwa Engengelsk
i sik sick
e bel bell
a ban band
o kot cut
u kuk cook
Lange vokalar
Bokstav Patwa Engengelsk
ii tii tea
aa baal ball
uu shuut shoot
DIftongar
Bokstav Patwa Engengelsk
ie kiek cake
uo gruo grow
ai bait bite
ou kou cow

Nasale vokalar blir skrivne -hn, som i kyaahn (can't) og iihn (isn't it?)

Konsonantar
Bokstav Patwa Engengelsk
b biek bake
d daag dog
ch choch church
f fuud food
g guot goat
h hen hen
j joj judge
k kait kite
l liin lean
m man man
n nais nice
ng sing sing
p piil peel
r ron run
s sik sick
sh shout shout
t tuu two
v vuot vote
w wail wild
y yong young
z zuu zoo
zh vorzhan version

h blir skrive etter lokal uttale, slik at hen (hen) og en (end) er ulike for talarar av vestleg patwa, men ikkje for sentral patwa.

Sosiolingvisitsk variasjon

endre

Som mange kreolspråk finst jamaikansk patwa i eit språkkontinuum med standard engelsk.[33][34][35] Det finst variantar av språket som ligg nær det engelske grunnspråket som ikkje kan skiljast systematisk frå mellomvariantar eller variantane som er mest ulike grunnspråket. Denne situasjonen har oppstått gjennom varig kontakt mellom patwa og standard engelsk, som har ein høgare prestisje og som det kan gje sosio-økonomiske fordelar å bruka.[36]

Litteratur

endre

Frå 1900 har det utvikla seg ein rik skriven litteratur på patwa. Nokre tidlege forfattarar og verk var Thomas MacDermot med All Jamaica Library og Claude McKay med Songs of Jamaica (1909). Bruk av patwa til musikk utvikla seg til dub-dikting med Linton Kwesi Johnson, Mikey Smith og Jean Binta Breeze som viktige figurar.

Livsverket til Louise Bennett, eller Miss Lou (1919–2006), er kjenneteikna av rik patwa, sjølv om ho ikkje blei inkludert av tradisjonelle litterære grupper.[37] Ho argumenterte for å sjå patwa som eit eige språk, med same opphav som dialekten som var opphav til standard engelsk:

Dah language weh yuh proud a,
Weh yuh honour an respec –
Po Mas Charlie, yuh no know se
Dat it spring from dialec!
«Bans a Killin»

Etter 1960-talet auka statusen til patwa etterkvart som fleire respekterte lingvitiske studiar av språket kom ut, mellom anna av Frederic Cassidy (1961, 1967) og Bailey (1966).[38] Seinare har det blitt vanlegare å veksla kodeveksla mellom engelsk og patwa eller å skriva heile verk på patwa. Forkjemparar for dette er mellom anna Kamau Brathwaite, som også omtaler kreol-dikting i History of the Voice: The Development of Nation Language in Anglophone Caribbean Poetry (1984). Standard engelsk har likevel framleis ein meir prestisjefylt posisjon som litterært språk i jamaicansk litteratur.

Patwa har vore brukt ein del i film, som i Tia Dalma sine replikkar i Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest og nokre scener i Meet Joe Black der rollefiguren til Brad Pitt snakker med ei jamaicansk kvinne. Tidlege jamaicanske filmar som The Harder They Come (1972), Rockers (1978), og mange andre filmar produsert av Palm Pictures midt på 19900-talet (som Dancehall Queen og Third World Cop) har mesteparten av dialogen på patwa, nokre av dei er teksta til engelsk.

Bibelen

endre

I desember 2011 blei det gjort kjend at Bibelen var i ferd med å bli omsett til patwa. Lukas-evangeliet er blitt gjeve ut som Jiizas: di Buk We Luuk Rait bout Im. Nytestamentet på patwa blei gjeve ut i Storbritannia, som har ein stor jamaicansk diaspora, i oktober 2012 som Di Jamiekan Nyuu Testiment, og med trykte og lydutgåver på Jamaica i desember 2012.[39][40][41]

Fader vår på patwa og engelsk

Frå Di Jamiekan Nyuu Testiment:[42]

Wi Faada we iina evn,
mek piipl av nof rispek fi yu an yu niem.
Mek di taim kom wen yu ruul iina evri wie.
Mek we yu waahn apm pan ort apm,
jos laik ou a wa yu waahn fi apm iina evn apm
Tide gi wi di fuud we wi niid.
Paadn wi fi aal a di rang we wi du,
siem laik ou wi paadn dem we du wi rang.
An no mek wi fies notn we wi kaaz wi fi sin,
bot protek wi fram di wikid wan.

Frå English Standard Version:

Our Father in heaven,
hallowed be Your name.
Your kingdom come,
Your will be done,
on earth, as it is in heaven.
Give us this day our daily bread,
and forgive us our debts,
as we also have forgiven our debtors.
And lead us not into temptation,
but deliver us from evil. (Matt. 6:9–13)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Ethnologue
  2. Lars Hinrichs (2006), Codeswitching on the Web: English and Jamaican Creole in E-Mail Communication. Amsterdam/Philadelphia: Benjamins.
  3. Devonish & Harry 2004, s. 456
  4. Harry 2006, s. 127
  5. Harry 2006, s. 126–127
  6. Harry 2006, s. 126.
  7. også transkribert som [kʲ] og [ɡʲ]
  8. som Cassidy & Le Page 1980, s. xxxix
  9. som Harry 2006
  10. Devonish & Harry 2004, s. 458.
  11. Devonish 2004, s. 456.
  12. 12,0 12,1 Harry 2006, s. 128.
  13. Harry 2006, s. 128–129.
  14. Mufwene 1984, s. 218 sitert i Gibson 1988, s. 200
  15. Winford 1985, s. 589
  16. Bailey 1966, s. 32.
  17. Lawton 1984, s. 126 omset dette som "If the cow didn't know that his throat was capable of swallowing a pear seed, he wouldn't have swallowed it."
  18. Lawton 1984, s. 125.
  19. Irvine 2004, s. 43–44.
  20. 20,0 20,1 Williams, Joseph J. (1932). Voodoos and Obeahs:Phrases of West Indian Witchcraft. Library of Alexandria. s. 90. ISBN 1-4655-1695-6. 
  21. Williams, Joseph J. (1934). Psychic Phenomena of Jamaica. The Dial Press. s. 156. ISBN 1-4655-1450-3. 
  22. McWhorter, John H. (2000). The Missing Spanish Creoles: Recovering the Birth of Plantation Contact Languages. University of California Press. s. 77. ISBN 0-520-21999-6. Henta 29. november 2008. 
  23. Metcalf, Allan (1999). The World in So Many Words. ISBN 0-395-95920-9. 
  24. «callaloo, n.», OED Online, Oxford University Press, juni 2017 
  25. Patrick 1995, s. 248.
  26. Hancock 1985, s. 237.
  27. Patrick 1995, s. 253.
  28. Hancock 1985, s. 190.
  29. Cassidy & Le Page 1980, s. lxii.
  30. Devonish & Harry 2004, s. 467.
  31. «The Jamaican Language Unit, The University of West Indies at Mona». Arkivert frå originalen 6. november 2020. Henta 24. oktober 2017. 
  32. "Handout: Spelling Jamaican the Jamaican way". (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 9. august 2020, henta 24. oktober 2017 
  33. Rickford 1987.
  34. Meade 2001, s. 19.
  35. Patrick 1999, s. 6.
  36. Irvine 2004, s. 42.
  37. "The Jamaican Poetry League excluded her from its meetings, and editors failed to include her in anthologies." Ramazani 2003, s. 15
  38. Alison Donnell, Sarah Lawson Welsh (red.), The Routledge Reader in Caribbean Literature, Routledge, 2003, Introduction, s. 9.
  39. Robert Pigott, "Jamaica's patois Bible: The word of God in creole", BBC News, 25 December 2011. Henta 26. desember 2011.
  40. The Associated Press (8 December 2012). «Jamaican patois Bible released "Nyuu Testiment"». Colorado Springs Gazette. Arkivert frå originalen 11. desember 2012. Henta 8 December 2012. «For patois expert Hubert Devonish, a linguist who is coordinator of the Jamaican Language Unit at the University of the West Indies, the Bible translation is a big step toward getting the state to eventually embrace the creole language created by slaves.» 
  41. Di Jamiekan Nyuu Testiment (Jamaican Diglot New Testament with KJV) Arkivert 2020-12-11 ved Wayback Machine., British & Foreign Bible Society. Retrieved 24 March 2013.
  42. «Matyu 6 Di Jamiekan Nyuu Testiment». bible.com. Bible Society of the West Indies. 2012. Henta 22. oktober 2014. 

Bibliografi

endre
  • Alleyne, Mervyn C. (1980). Comparative Afro-American: An Historical Comparative Study of English-based Afro-American Dialects of the New World. Koroma. 
  • Bailey, Beryl, L (1966). Jamaican Creole Syntax. Cambridge University Press. 
  • Cassidy, Frederic (1971). Jamaica Talk: Three Hundred Years of English Language in Jamaica. London: MacMillan Caribbean. 
  • Cassidy, Frederic; Le Page, R. B. (1980). Dictionary of Jamaican English. Cambridge: Cambridge University Press. 
  • DeCamp, David (1961), «Social and geographic factors in Jamaican dialects», i Le Page, R. B., Creole Language Studies, London: Macmillan, s. 61–84 
  • DeCamp, David (1977), «The Development of Pidgin and Creole Studies», i Valdman, A., Pidgin and Creole Linguistics, Bloomington: Indiana University Press 
  • Devonish, H; Harry, Otelamate G. (2004), «Jamaican phonology», i Kortman, B.; Shneider E. W., A Handbook of Varieties of English, phonology 1, Berlin: Mouton De Gruyter, s. 441–471 
  • Gibson, Kean (1988), «The Habitual Category in Guyanese and Jamaican Creoles», American Speech 63 (3): 195–202, doi:10.2307/454817 
  • Hancock, Ian (1985), «More on Poppy Show», American Speech 60 (2): 189–192, doi:10.2307/455318 
  • Harry, Otelemate G. (2006), «Jamaican Creole», Journal of the International Phonetic Association 36 (1): 125–131, doi:10.1017/S002510030600243X 
  • Ramazani, Jahan; Ellmann, and Robert O'Clair, eds, Richard (2003). The Norton Anthology of Modern and Contemporary Poetry, Third Edition. 2: Contemporary Poetry. Norton. ISBN 0-393-97792-7. 
  • Irvine, Alison (2004), «A Good Command of the English Language: Phonological Variation in the Jamaican Acrolect», Journal of Pidgin and Creole Languages 19 (1): 41–76, doi:10.1075/jpcl.19.1.03irv 
  • Lawton, David (1984), «Grammar of the English-Based Jamaican Proverb», American Speech 2: 123–130, doi:10.2307/455246 
  • Meade, R.R. (2001). Acquisition of Jamaican Phonology. Dordrecht: Holland Institute of Linguistics. 
  • Patrick, Peter L. (1995), «Recent Jamaican Words in Sociolinguistic Context», American Speech 70 (3): 227–264, doi:10.2307/455899 
  • Patrick, Peter L. (1999). Urban Jamaican Creole: Variation in the Mesolect. Amsterdam/Philadelphia: Benjamins. 
  • Rickford, John R. (1987). Dimensions of a Creole Continuum: History, Texts, Linguistic Analysis of Guyanese. Stanford: Stanford University Press. 
  • Winford, Donald (1985), «The Syntax of Fi Complements in Caribbean English Creole», Language 61 (3): 588–624, doi:10.2307/414387 

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikipediapatwa

  Reiseguide for Jamaican patois frå Wikivoyage

Vidare lesing

endre
  • Adams, L. Emilie (1991). Understanding Jamaican Patois. Kingston: LMH. ISBN 976-610-155-8. 
  • Chang, Larry (2014). Biesik Jumiekan: Introduction to Jamaican Language. Washington, DC: Chuu Wod. ISBN 978-0-9773391-8-1.