Benjamin Zephaniah
Benjamin Obadiah Iqbal Zephaniah (15. april 1958–7. desember 2023) var ein britisk forfattar[1][2] og skodespelar. I 2008 blei han lista opp blant dei 50 viktigaste etterkrigsforfatterane i Storbritannia.[3][4]
Benjamin Zephaniah | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 15. april 1958 Handsworth |
Død |
7. desember 2023 (65 år) |
Yrke | skodespelar, lyrikar, skribent, songar, dubpoet, sjølvbiograf, musikar |
Medlem av | British Academy |
Religion | rastafari |
Benjamin Zephaniah på Commons |
Liv
endreBenjamin Zephaniah voks opp i eit bustadområde i Handsworth utanfor Birmingham, med ein barbadosfødd far som var postmann og ei jamaikansk mor som var sjukepleiar.[5][6] Han har dysleksi, og slutta på skulen då han var 13 år gammal. Då hadde han korkje lært å lesa eller skriva.[6] Dei litterære påverknadene hans kom frå rap, annan munnleg poesi og Bibelen. Han hadde sin første opptreden som tiåring i kyrkja.[7] Då han var femten var han allereie kjend for poesien sin i den afro-karibiske og asiatiske folkesetnaden i Handsworth.[8]
Zephaniah kom tidleg i klammeri med politiet, og sat i fengsel for innbrot.[6][9] 22 år gammal flytta han til London for å få betre moglegheiter og eit større publikum.[5]
Han blei aktiv i eit arbeidarkooperativ i Stratford i London, og dette førte til utgjevinga av den første diktsamlinga hans, Pen Rhythm (Page One Books, 1980). Zephaniah har sagt at målet hans er å kjempa mot «the dead image of poetry», og å ta poesien overalt, også til folk som ikkje les bøker. Derfor heldt han diktopplesingar med musikk, konsertaktige opptredenar kjende som dub-poesi.[5] Dei munnlege poesiframføringane hans har samla stort publikum, og han har gjeve ut fleire plater.[10]
I 1982 gav han ut albumet Rasta, som inneheldt The Wailers si første innspeling sidan Bob Marley hadde døydd, i tillegg til ei lovprising av Nelson Mandela. Albumet gav han internasjonal prestisje,[11] og landa på toppen av den jugoslaviske poplista.[8][11] Mandela, som då var i fangenskap på Robben Island, høyrde innspelinga.[7] Etter at han blei fri møtte den komande sørafrikanske presidenten diktaren, og i 1996 bad Mandela om at Zephaniah skulle leia konserten hans Two Nations Concert i Royal Albert Hall i London. Zephaniah var «poet in residence» ved advokatkontoret til Michael Mansfield QC. Han følgde med på granskinga av Bloody Sunday og andre saker, og desse erfaringane førte fram til diktsamlinga Too Black, Too Strong (2001).[6]
Zephaniah er engasjert i mange politiske spørsmål, som veganar, republikanar, for Amnesty og Animal Liberation Project, til støtte for dysleksi, og som rastafarianar.[12]
Zephaniah fekk også suksess med diktsamlingane for ungdom Talking Turkeys (1995), Funky Chickens (1997) og School's Out, Poems Not for School (1997).[10]
Den første prosaboka hans var romanen Face (1999), som både kan lesast som ein ungdoms- og ein voksenroman. Refugee Boy (2001) skildrar ein ung etiopisk flyktning i London. We Are Britain! (2002) er ei diktsamling for barn, der temaet er ei oppvurdering av det multietniske britiske samfunnet.
Zephaniah døydde 65 år gammal, den 7. desember 2023, åtte veker etter å ha blitt diagnostisert med ein hjernesvulst.[13][14][15]
Prisar og utmerkingar
endreZephaniah vann BBC sin Young Playwright's Award.[16]
Han mottok fleire æresdoktorat, mellom anna frå University of Birmingham i heimbyen i 2008,[17] University of North London 1998,[16] the University of Central England (in 1999), Staffordshire University (in 2001),[18] London South Bank University i 2003 og University of Exeter og University of Westminster i 2006.
Han var Writer in residence ved Keats House. Han var òg kjend for å ha takka nei til å bli utnemnd til offiser av Order of the British Empire i 2003.[19]
Han vann prisen for Best Original Song ved Hancocks 2008 og Talkawhile Awards for Folk Music[20]) for sin versjon av Tam Lyn Retold med The Imagined Village. Han tok imot prisen ved The Cambridge Folk Festival 2. august 2008, og omtalte seg sjølv som ein «Rasta Folkie».[21]
Bøker
endreLyrikk
endre- Pen Rhythm (1980)
- The Dread Affair: Collected Poems (1985) Arena
- City Psalms (1992) Bloodaxe Books
- Inna Liverpool (1992) AK Press
- Talking Turkeys (1995) Puffin Books
- Propa Propaganda (1996) Bloodaxe Books
- Funky Chickens (1997) Puffin
- School's Out: Poems Not for School (1997) AK Press
- Funky Turkeys (Audiobook) (1999) AB hntj
- White Comedy (Unknown)
- Wicked World! (2000) Puffin
- Too Black, Too Strong (2001) Bloodaxe Books
- The Little Book of Vegan Poems (2001) AK Press
- Reggae Head (Audiobook) 57 Productions
Romanar
endre- Face (1999) Bloomsbury
- Refugee Boy (2001) Bloomsbury
- Gangsta Rap (2004) Bloomsbury
- Teacher's Dead (2007) Bloomsbury
- Terror Kid (2014) Bloomsbury[22]
Barnebøker
endre- We are Britain (2002) Frances Lincoln
- Primary Rhyming Dictionary (2004) Chambers Harrap
- J is for Jamaica (2006) Frances Lincoln
- My Story (2011), Collins
- When I Grow Up (2011), Frances Lincoln
Andre
endre- Kung Fu Trip (2011), Bloomsbury
- The Life And Rhymes of Benjamin Zephaniah (2018), Simon & Schuster[23]
Diskografi
endreAlbum
endre- Rasta (1982) Upright (gjenutgjeve 1989) Workers Playtime (UK Indie #22)[24]
- Us An Dem (1990) Island
- Back to Roots (1995) Acid Jazz
- Belly of De Beast (1996) Ariwa
- Naked (2005) One Little Indian
- Naked & Mixed-Up (2006) One Little Indian (Benjamin Zephaniah Vs. Rodney-P)
- Revolutionary Minds (2017) Fane Productions
Singlar, EP-ar
endre- Dub Ranting EP (1982) Radical Wallpaper
- "Big Boys Don't Make Girls Cry" 12-inch single (1984) Upright
- "Free South Africa" (1986)
- "Crisis" 12-inch single (1992) Workers Playtime
Gjesteopptredenar
endre- "Empire" (1995) Bomb the Bass med Zephaniah & Sinéad O'Connor
- Heading for the Door by Back to Base (2000) MPR Records
- Open Wide (2004) Dubioza kolektiv (C) & (P) Gramofon
- Rebel by Toddla T (2009) 1965 Records
- "Illegal" (2000) frå "Himawari" av Swayzak
- "Theatricks" av Kinobe (2000)
Som skodespelar
endre- Didn't You Kill My Brother? (1987) – Rufus
- Farendj (1989) – Moses
- Dread Poets' Society (1992) – Andy Wilson
- Truth or Dairy (1994) – The Vegan Society (UK)
- Crucial Tales (1996) – Richard's father
- Making the Connection (2010) – Environment Films/The Vegan Society (UK)
- Peaky Blinders (2013–2022) – Jeremiah Jesus
Kjelder
endre- ↑ «Home», Benjamin Zephaniah (på engelsk), henta 7. desember 2023
- ↑ «britishcouncil.org». Arkivert frå originalen 27. juli 2013. Henta 21. mai 2013.
- ↑ Benjamin Zephaniah, The 50 greatest postwar writers: 48 TimesOnline UK
- ↑ Zephaniah, Benjamin (27. november 2003). «'Me? I thought, OBE me? Up yours, I thought'». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 "Biography" Arkivert 12 April 2008 ved Wayback Machine., BenjaminZephaniah.com. Retrieved 13 April 2008.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Kellaway, Kate (2001) "Dread poet's society", The Guardian, 4. november 2001.
- ↑ 7,0 7,1 https://benjaminzephaniah.com/biography/
- ↑ 8,0 8,1 Larkin, Colin (1998), The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, ISBN 0-7535-0242-9
- ↑ "ARTICLE: Interview with Raw Edge Magazine: Benjamin talks about how life in prison helped change his future as a poet. Arkivert 20 May 2009 ved Wayback Machine.", Raw Edge magazine, issue 5, Autumn/Winter 1997.
- ↑ 10,0 10,1 Julia Eccleshare. Beatrix Potter to Harry Potter, portraits of children’s writers. National Portrait gallery, 2002. ISBN 1-85514-342-9
- ↑ 11,0 11,1 «Brighton Magazine – Benjamin Zephaniah: Well Read Rastafarian Poet Comes To Lewes». Magazine.brighton.co.uk.
- ↑ Has Snoop Dogg seen the Rastafari light, or is this just a midlife crisis?
- ↑ McIntosh, Steven (7 December 2023). «Benjamin Zephaniah: Writer and poet dies aged 65». BBC News.
- ↑ Farber, Alex (7 December 2023). «Benjamin Zephaniah, writer and poet, dies aged 65». The Times. Arkivert frå originalen 7 December 2023.
- ↑ Creamer, Ella (7. desember 2023). «British poet Benjamin Zephaniah dies aged 65». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 7. desember 2023.
- ↑ 16,0 16,1 Gregory, Andy (2002), International Who's Who in Popular Music 2002, Europa, s. 562. ISBN 1-85743-161-8.
- ↑ Collins, Tony (2008) "University honour for Doug Eliis Arkivert 2012-07-22 ved Archive.is",Birmingham Mail, 11. juli 2008
- ↑ «Recipients of Honorary Awards». Staffordshire University. Arkivert frå originalen 22 February 2013. Henta 16 April 2013.
- ↑ Rasta poet publicly rejects his OBE av Merope Mills. The Guardian 27. november 2003.
- ↑ «TalkAwhile UK Acoustic music forum». Talkawhile.co.uk. Henta 10 May 2011.
- ↑ «Best Original Song». Talkawhile.co.uk. 3. august 2008. Henta 10. mai 2011.
- ↑ Zephaniah, Benjamin (2014). Terror Kid. Bloomsbury. ISBN 978-1471401770.
- ↑ Jonasson, Jonas (15. august 2017). «S&S scoops Zephaniah's memoir». The Bookseller. Henta 27. august 2018.
- ↑ Lazell, Barry (1997) Indie Hits 1980–1989, Cherry Red Books, ISBN 0-9517206-9-4
- Denne artikkelen bygger på «Benjamin Zephaniah» frå Wikipedia på bokmål og «Benjamin Zephaniah» frå {{Wikipedia-utgåve|en}, den 28. juni 2020.