Dublin-forordninga

Dublin-forordninga (Forordning nr. 604/2013, no Dublin III-forordninga, tidlegare Dublin II-forordninga og Dublin-konvensjonen) er ei EU-forordning som fastset kriteria og prosedyrane for avgjersler av kva medlemsstatane av Den europeiske unionen er ansvarlege for å handsama asyslsøkjarar, som søkjer internasjonalt vern i samsvar med Flyktningkonvensjonen og dessutan kvalifikasjonsdirektiva til EU.[1] Forordninga er ein hyrnestein i Dublin-systemet, som består av Dublin-forordinga og Eurodac-forordninga, som legg grunnlaget for eit felles europeisk fingeravtrykksregister for illegale innvandrarar i EU. Dublin-forordninga har til føremål å «avgjøre hvilken medlemsstat som er ansvarlig for behandlingen av [asylsøknader]»,[2] og gjev dimed andre medlemsstatar mogleiken for å senda ein asylsøkjar attende til den ansvarlege medlemsstaten.[3] Normalt vil den ansvarlege medlemsstaten vera dét landet som asylsøkjaren fyrst kom inn i EU.

██ Dublin-forordninga og EU-Danmark-avtalen██ EU-Danmark-avtalen██ Land utanfor EU som har innført forordninga

Målsetjingar endre

Eit av hovudføremåla med Dublin-forordninga er å hindra ein asylsøkjar i å fremja asylsøknader i fleire medlemsstatar, såkalla «asyl-shopping». Eit anna mål er å redusera talet «reisande» asylsøkjarar som er sende frå land til land. Det landet som asylsøkjaren fyrst søkjer om asyl i er ansvarleg for anten å innvilga eller avslå asylsøknaden, og søkjaren får ikkje prøva prosessen att i ein annan jurisdiksjon.

Klander endre

 
Asylsøkarmottak på Lampedusa i 2008.

Ifylgje Dublin-forordninga skal ein asylsøkjar søkja om asyl i det fyrste EU-landet vedkomande kjem til, og viss han eller ho kryssar grensa til eit anna EU-land etter å ha vore registrert med fingeravtrykk, vil vedkomande verta send attende til det fyrste EU-landet. Kritikarar meiner at denne ordninga legg eit høvesvis stort press på dei landa som utgjer yttergrensa til EU – særleg landa ved Middelhavet, for di desse vil som regel vera det fyrste landet mange asylsøkjarar kjem til.[4]

European Council on Refugees and Exiles (ECRE) og SN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har båe hevda at systemet har feila i å gje rettvist og effektivt vern. I tida kring 2008 kunne ikkje flyktningar overførte under Dublin-forordninga alltid byrja ein søknad om asyl. Dette gjorde at dei risikerte å verta returnerte til forfølging.[5] Menneskerettskommissæren ved Europarådet har også kritisert forordninga for å underminera rettane til flyktningar.[6]

I april 2018 på eit offentleg møte i Innanrikskomitéen i den tyske Forbundsdagen, skildra ekspertvitnet Kay Hailbronner, spurt om eit fremtidig europeisk asylsystem, den noverande tilstanden til Dublin-forordninga som dysfunksjonell.[7]

 
Flyktningar ved grensesperringar i Röszke i Ungarn i 2016.

Over tid har forordninga vore med på å styrkja yttergrensa til Europa med gjerde for å hindra flyktningar å koma inn i Europa; særleg til dei landa med størst trykk på asylsøkjarar frå før.[8]

Oppfylging endre

Flyktningkrisa i 2015 endre

Hausten 2015 braut Dublin-forordninga i praksis saman, då medlemsland stansa handhevinga av ho i kjølvatnet av flyktningkrisa. Ungarn meinte dei var overbelasta med asylsøknader etter å ha teke imot 60 000 «illegale immigrantar» det året. Ungarn kunngjorde å ikkje lenger taka tilbake søkjarar som hadde kryssa grensene til andre EU-land og vart varetektsfengsla der, slik dei skulle jamfør Dublin-forordninga, på grunn av uspesifiserte «tekniske årsaker».[9] Den 24. august 2015 valde Tyskland å «taka ein for laget» (suverenitetsklausul) og gjeva syriske asylsøkjarar mogleiken til å søkja i Tyskland, noko som ikkje ville vore ansvarleg for jamfør kriteria i forordninga.[10][11] Den 2. september 2015 vedtok også Tsjekkia å tilbyda syriske flyktningar som allereie hadde søkt om asyl i andre EU-land mogleiken om å søkja i Tsjekkia (og kanskje få opphald der) eller immigrera vidare.[12]

Statar som Ungarn, Slovakia og Polen erklærte også offisielt motstand mot kvar mogleg revisjon eller oppmjuking av Dublin-forordninga, særleg vist til den eventuelle innføringa av nye obligatoriske eller permanente kvotar for solidaritet-tiltak.[13]

Bruk i Noreg endre

Dublin-forordninga III tredde i kraft 1. januar 2014. Utlendingslova paragraf 32 fekk eit nytt fjerde ledd som gjorde forordninga til norsk lov. Også andre paragrafar i utlendingslova og utlendingsforskrifta vart endra i samsvar med Dublin-forordninga; noko som vidare har påverka retningslinjene til Utlendingsdirektoratet.

Kjelder endre

  1. "EUROPA-PARLAMENTETS OG RÅDETS DIREKTIV 2011/95/EU af 13. december 2011".
  2. «Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven): Internasjonalt samarbeid mv. om behandling av søknader om opphold av beskyttelsesgrunner. (§32)» (på norsk bokmål). Lovdata. Henta 13. august 2023. 
  3. "EUROPA-PARLAMENTETS OG RÅDETS FORORDNING (EU) Nr. 604/2013 af 26. juni 2013 om fastsættelse af kriterier og procedurer til afgørelse af, hvilken medlemsstat der er ansvarlig for behandlingen af en ansøgning om international beskyttelse, der er indgivet af en tredjelandsstatsborger eller en statsløs i en af medlemsstaterne (omarbejdning)".
  4. «A few countries take responsibility for most of the world's refugees», www.nrc.no (på engelsk), henta 13. august 2023 
  5. «Sharing Responsibility for Refugee Protection in Europe: Dublin Reconsidered». ECRE. Arkivert frå originalen 22. mars 2012. Henta 31. mars 2008. 
  6. The ‘Dublin Regulation’ undermines refugee rights Arkivert 12. november 2010 ved Wayback Machine.
  7. «Stellungnahme Zur Neuordnung des Gemeinsamen Europäischen Asylsystems (GEAS)» (PDF) (på tysk). bundestag.de. Henta 20. april 2018. 
  8. «You Shall Not Pass! How the Dublin System Fueled Fortress Europe | Chicago Journal of International Law», cjil.uchicago.edu, henta 13. august 2023 
  9. «Defying EU, Hungary suspends rules on asylum seekers». Reuters (på engelsk). 23. juni 2015. 
  10. «Germany: Halt on Dublin procedures for Syrians». Arkivert frå originalen 20. mars 2016. Henta 8. mars 2016. 
  11. «Germany suspends 'Dublin rules' for Syrians – DW – 08/25/2015», dw.com (på engelsk), henta 13. august 2023 
  12. «Change in Czech refugee policy». Prague Post. Henta 9. mars 2015. 
  13. «Refugee and Migrant crisis: Hungary refugees and migrants start walk to border – BBC News». BBC News. 4. september 2015. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre