Dublin Bay (irsk Cuan Bhaile Átha Cliath) er ei bukt forma av eit elvedelta i Irskesjøen på austkysten av Irland. Bukta er om lag 10 km brei frå nord til sør og 7 km lang. Dublin ligg inst i bukta, som strekkjer seg frå Howth Head i nord til Dalkey Point (ved Dún Laoghaire) i sør. Den kunstige øya Bull Island (North Bull Island) ligg i det nordvestlege hjørnet av bukta og har mellom anna ei 5 km lang strand, Dollymount Strand, føre eit internasjonalt fuglereservat.

Killiney sett på andre sida av bukta frå stranda Dollymount.
Dublin Bay på Irland.

Elvane Liffey og Dodder renn ut i bukta etter at dei har flyte saman i Dublin. Andre elvar som renn ut i bukta er Tolka og fleire småelvar.

Storbyområdet til Dublin strekkjer seg rundt dei tre sidene av bukta, medan Irskesjøen ligg i aust. Bukta vert òg kalla Baile Átha Cliath (som tyder «Vadestaden av flettverk»). Dublin vart grunnlagd av danskar der dei kunne gå over elva med ei flettverksbru frå elvemunningen. Etter kvart som teknologien i Irland utvikla seg kunne ein byggje bruer lenger og lenger ned mot sjøen og ta tilbake dei myrlendte strandområda. Byen spreidde seg frå området rundt Guinnesses og James's Gate til sjøen og ut langs kystlinja nordaustover til Howth og søraustover til Dalkey.

Dublin Bay er ei forholdsvis grunn bukt og har mange sandbanker og steinete frambrot, som var frykta av sjømenn i området, særleg når vinden var frå aust. Fram til moderne tider har mange skip og menneske gått tapt langs kysten frå Howth og Dun Laoghaire under ein kilometer frå land.

Over 500 menneske (hovudsakleg militærpersonell) mista livet då dampskipet RMS «Leinster» var råka av ein torpedo frå den tyske ubåten UB-123 den 10. oktober 1918. Skipet ligg i dag på 33 meters djup.

I 1972 la styret i Dublin Port fram planar om å byggje eit oljeraffineri i Dublin Bay. Miljøaktivistar gjorde kraftig opprør mot planane på grunn av den store faren for forureining.

Satellittbilete av County Dublin frå NASA.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

53°20′N 6°07′W / 53.333°N 6.117°W / 53.333; -6.117