Bull Island
Bull Island (Oileán an Tharbh på irsk) eller meir nøyaktig North Bull Island (Oileán an Tharbh Thuaidh på irsk) er ei øy i Dublin Bay i Republikken Irland. Ho er om lag 5 km lang og 800 meter brei og ligg om lag parallelt til kysten. Ho er mindre enn to hundre år gamal og vart danna av at sand bygde seg opp etter North Bull Wall vart bygd av Kaptein William Bligh tidleg på 1800-talet for å halde kanalen til hamna i Dublin open.
Bull Island | |||
øy | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Bull Island 53°22′01″N 6°08′55″W / 53.367065°N 6.14856°W | |||
Wikimedia Commons: Bull Island, Dublin |
Øya er forbunden til fastlandet via ei trebru og ei vegfylling. Det bur berre få personar på øya og det finst to golfklubbar her.
North Bull Island utgjer det største parkområdet eigd av Dublin.
Øya held fram med å vekse og det er mogeleg at ho i løpet av dei neste 50 åra vert landfast ved Red Rock i Sutton og dannar ein lagune. Sjansane for dette vert derimot rekna som ganske små på grunn av sterke straumar og det djupe vatnet i Suttonsundet.
Natur
endreFuglelivet på øya har vore verna sidan 1930-åra og ho vart eit nasjonalt naturreservat i 1988. Ho står på UNESCO si liste som biosfærisk reservat. Av fuglar på øya finn ein ringgås, spove, tjeld, tundralo og skjeand. Det er seks pattedyrartar på øya: Brunrotte, rev, markmus, piggsvin, irsk hare og kanin.
Av planter på øya finn ein flugeblom, salepsrot og skogmarihand.
Dollymount Strand
endreDollymount Strand er ei 5 km lang strand på øya og ein populær stad for innbyggjarane i dublinarane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bull Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- UNESCO biosfære reservat Arkivert 2005-03-15 ved Wayback Machine.