Dundalk
Dundalk (irsk Dún Dealgan) er den sjuande største byen i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Louth og er så vidt mindre enn Drogheda, som òg ligg i Louth. Begge har like over 35 000 innbyggjarar.
Dundalk | |||
by | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Provins | Leinster | ||
Areal | 24,68 km² | ||
Folketal | 35 085 (2006) | ||
Folketettleik | 305 / km² | ||
Dundalk 54°00′16″N 6°24′01″W / 54.004444444444°N 6.4002777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Dundalk |
Byen ligg nær grensa til Nord-Irland og har fått namn etter det irske Dún Dealgan, som tyder 'Dalga sin festning'. Byen fekk byrettar i 1189 og ligg ved den nedste brua over elva Castletown. På byvåpenet står det «Staden der den modige Cúcchulainn vart fødd», som er ein figur frå irsk mytologi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dundalk» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2007.