Dylan går elektrisk

Dylan går elektrisk syner til ei hending i musikkhistoria då Bob Dylan gjekk frå å spele akustisk visesong til elektrisk rockemusikk, noko som var særs kontroversielt i det amerikanske visemiljøet då det skjedde. I 1965 var Dylan den leiande låtskrivaren i det amerikanske visemiljøet.[1]

Fansen var vande med å sjå Dylan spele aleine, med akustisk gitar og munnspel (1963).

I mars 1965 gav Dylan ut det femte albumet sitt, Bringing It All Back Home. På den første sida av dette albumet vert Dylan akkompagnert av eit elektrisk band, medan han på side to berre akkompagnerer seg sjølv på akustisk gitar. Den 20. juli 1965 gav Dylan ut singelen «Like a Rolling Stone» i ein rockestil. Den 25. juli 1965 spelte Dylan den første elektriske konserten sin på Newport Folk Festival i lag med gitaristen Mike Bloomfield og Barry Goldberg frå Paul Butterfield Blues Band. Delar av publikum byrja å bua mot Dylan og leiande personar i viserørsla, som Irwin Silber[2] og Ewan MacColl,[3] kritiserte Dylan for å forlate den politiske låtskrivinga og i staden spele med eit elektrisk band.

I 1963 og 1964 hadde Dylan spelt på Newport Folk Festival til stor suksess i visemiljøet. I 1965 byrja han med tre akustiske songar. Dylan tok ei sponant avgjersle om at han i løpet av konserten skulle spele med eit elektrisk akkompagnement. Dylan var blitt irritert over nokre merknader som festivalleiaren Alan Lomax hadde kome med då han introduserte Paul Butterfield Blues Band tidlegare på festivalen. Dylan tenkte då at om dei ønskte å halde elektriske instrument borte frå festivalen, så skulle han vise dei.[4] Det finst filmklipp av Dylan si framføring på denne Newport-festivalen både i Festival (1967), No Direction Home (2005) og The Other Side of the Mirror: Bob Dylan Live at the Newport Folk Festival 1963–1965 (2007).

Soga seier at publikum bua på Dylan fordi han spelte elektrisk musikk, medan andre har meint at dei bua fordi lyden var for dårleg og Dylan berre spelte eit fåtal songar før han forlet scenen.[5] Uansett fortsette publikum å bue på Dylan på konsertane hans i 1965 og 1966. Ein av dei mest kjende hendingane er frå Manchester i Storbritannia der eit medlem av publikum roper ut «Judas!» like før Dylan skal spele «Like a Rolling Stone». Dylan svarar «Eg trur ikkje på deg, du er ein løgnar» før han snur seg til bandet og seier «spel jævlig høgt!».[6] Denne hendingar kom med på konsertalbumet Live 1966: The "Royal Albert Hall" Concert i 1998.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Miller 1981, s. 220
  2. Shelton 2003, s. 313
  3. Shelton 2003, s. 313
  4. Sounes 2001, s. 180–181
  5. Williamson, N. The Rough Guide to Bob Dylan, (1. utg., 2004), s. 54
  6. Glover, Tony (1998). Live 1966 (CD booklet). Bob Dylan. New York, New York: Columbia Records. s. 7. 

Bakgrunnsstoff endre