EHF-meisterligaen i handball 2014/Kvinner
Meisterligaen i handball 2014 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 7. september 2013 og avslutta med sluttspel 3.-4. mai 2014. Győri ETO frå Győr i Ungarn vann turneringa for andre året i rad.
Turneringa med 16 deltakande lag opna med seriespel i fire grupper à 4 lag. Dei to beste laga i desse gruppene gjekk vidare til ei hovudrunde med to grupper à 4 lag. Dei to beste laga i hovudrunde-gruppene kvalifiserte seg til sluttspel. Norske Larvik HK vart slått ut i hovudrunda.
Sluttspelet
endreSluttspelet vart avvikla helga 3. og 4 mai 2014.
- Semifinalane:
- Győri ETO – Midtjylland HB 29 – 26
- ŽRK Budućnost – Vardar 22 – 20 etter ekstraomgangar
- Bronsefinalen:
- Vardar – Midtjylland HB 34 – 31
Finalen
endre- Győri ETO – ŽRK Budućnost 27-21
Györi ETO tok kontroll over kampen i fyrste omgang og leia 15–10 ved pause. I den andre omgangen styrte laget inn til siger 27–21.
Győri ETO sitt vinnarlag bestod mellom andre av målvakta Katrine Lunde og målskårarane Anita Görbicz 7, Heidi Løke 4, Eduarda Amorim 4, Adrienn Orbán 4, Katarina Bulatović 3, Bernadett Bódi 2, Anikó Kovacsics 2 og Dorina Korsós 1.
Cristina Neagu vart toppskårar for Budućnost med 7 sine fulltreffarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League der Frauen 2013/14» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2022.