EHF-meisterligaen i handball 2016/Kvinner

Meisterligaen i handball 2016 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 12. september 2015 og avslutta med sluttspel 7.-8. mai 2016. CSM București frå Romania vann turneringa for fyrste (og hittil) einaste gong.

Etter kvalifiseringsspel i september opna turneringa med 16 deltakande lag i seriespel delt i fire grupper à 4 lag. Dei tre laga med flest poeng i dei enkelte gruppene gjekk vidare til hovudrunda, som bestod av to grupper à 6 lag. Dei fire beste i desse to gruppene møttest til kvartfinalar basert på poengskår. Norske Larvik HK vart slått ut i kvartfinalane.

Sluttspelet

endre

Sluttspelet vart avvikla i Budapest helga 7. og 8. mai 2016.

  • Bronsekampen:
  • Vardar – ŽRK Budućnost 30–28

Finalen

endre
  • CSM București – Győri ETO 29–26, etter ekstraomgangar og straffeskyting

Ein jamn fyrste omgang enda uavgjort 12–12. I den andre omgang skilde det aldri meir enn eitt mål og ved ordinær tid stod det 22–22. Győri ETO tok føringa i ekstraomgangane, men CSM kom tilbake og utlikna til 25–25. Kampen vart avgjort i straffetevling der CSM skåra på fire straffar, Győri ETO på berre ei.

For CSM var Isabelle Gulldén eit angrep åleine med sine 15 skåringar. Elles skåra Carmen Martín 4 mål, Oana Manea og Linnea Torstenson 3 begge, Ana Paula Rodrigues 2, Cristina Vărzaru og Aurelia Brădeanu kvar sitt mål. Jelena Grubišić var fyrste-målvakt.

Norske Heidi Løke var toppskårar for Győri ETO med 8 nettkjenningar. Også landskvinnene Linn Sulland, Ida Alstad og målvakta Kari Aalvik Grimsbø spelte for Győri ETO.

Kjelder

endre