Opna hovudmenyen

Kari Aalvik Grimsbø (fødd 4. januar 1985) er ein norsk handballspelar oppvaksen i Skaun. Målvakta har i tida 2006-16 vunne åtte gullmedaljar, ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i ulike europameisterskap, verdsmeisterskap og olympiske sommarleikar med det norske handballandslaget.

Kari Aalvik Grimsbø
Kari Grimsboe 05-03-2009-2.jpg
Fødd 4. januar 1985
Børsa
Yrke handballspelar, fotograf
Kari Aalvik Grimsbø på Commons

Den første landslagskampen sin spelte Aalvik i september 2005. I november 2006 vart ho teke ut til senior-EM i Sverige. Ho har òg vore med i junior-EM og -VM.

Før ho kom til Byåsen spelte ho for Skaun (tidlegare kalla Børsa/Skaun), Buvik og Orkdal.

MerittarEndra

  • EM 2006: Gullmedalje etter 27-24 mot Russland
  • VM 2007: Sølvmedalje etter 24-29 mot Russland
  • OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 mot Russland
  • EM 2008: Gullmedalje etter 34-21 mot Spania
  • VM 2009: Bronsemedalje etter 31-26 mot Spania
  • EM 2010: Gullmedalje etter 25-20 mot Sverige
  • VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike
  • OL 2012 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro
  • VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 mot Nederland
  • Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 mot Nederland
  • EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland

BakgrunnsstoffEndra