Edvard Langset (9. mars 186712. mai 1924), òg kjend under pseudonymet «Ola Vonheim», var ein norsk forfattar, lærar og folkeminnesamlar. Frå 1917 var Langset statsstipendiat.

Edvard Langset
Pseudonym Ola Vonheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1867
Langset i Stamnes
Død

12. mai 1924 (57 år)

Yrke Forfattar, lærar

Liv endre

Edvard Langset vart fødd i 1867 på Langset i Straumsnes (no i Tingvoll kommune) på Nordmøre av foreldra Eli Olsdotter Langset og Ole Gundersen Langset. Han vart gift med Marta Lyngstad, og dei fekk 3 born. Edvard Langset døydde den 12. mai 1924.

Verk endre

Edvard Langset tok lærarutdanning på Klæbu seminar 1889-91, og arbeidde deretter som lærar i Bjugn eitt eller to år, i Hemne 1893-1906, i Frei 1906-1916 og i heimbygda frå 1916. Han var elev på Askov folkehøjskole 1899-1900 og følgde førelesingar i folkeminnevitskap i åra etter.

Han var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917. Langset var ein aktiv forfattar og skribent og gav ut i alt 13 bøker i si levetid. I 1948, 24 år etter at han døydde kom bok nummer 14, basert på delar av det omfattande innsamlingsarbeidet han gjorde.

Langset var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917.

Verkliste endre

Forteljingar (romanar og noveller) endre

  • 1901 – Fred paa jordi : forteljing. Fosna, 1901. (23 s.)[1]
  • 1902 – Fem Kvinnor : Forteljingar Kristianssund : Tvedte, 1902. (95 s.)[2]
  • 1904 – Ein Uppfinnar : Forteljing. Kristiansund : John Johnsen Bog- og Aksidenstrykkeri, 1904. (123 s.; «Romsdalsposten’s Følgeton»)[3]
  • 1908 – Fridomsstrid : forteljingar. Fosna, 1908. (57 s.)[4]
  • 1908 – Menneskjor : forteljing. Fosna, 1908. (209 s.)[5]
  • 1914 – Far : forteljingar. Nidaros, 1914. (39+9 s.)[6]
  • 1923 – Ola Vonheim (pseud.): Gamle minne : forteljingar. Fosna, 1923. (45 s.)[7]

Skodespel endre

  • 1905 – Ein bondegut i Oslo : spelstykke. Fosna, 1905. (46 s.)[8]
  • 1908 – Dronning Gyda : spelstykke i fire vendingar. Fosna : Marie Normanns efg., 1908. (134 s.)[9]
  • 1915 – Ola Vonheim (pseud.): Naar kulturen skal bergast : spel i tri vendingar. Nidaros, 1915. (49 s.)[10]

Folkeminne endre

  • 1910 – Fraa Nordmør : eventyr, segner og gamle lækjeraader. Fosna [Kristiansund] : Marie Normans eftf., 1910. (43 s.)[11]
  • 1915–18 – Norsk folkedikting for born. Fosna : [E. Langset], 1915-1918. (2 hf.)[12]
  • 1921 – Folke-eventyr fraa Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 4) Kristiania, 1921. (viii+64 s.)[13]
  • 1948 – Segner, gåter, folketru frå Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 61) Oslo, 1948. (186 s.; red. av Reidar Th. Christiansen)[14]

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre