Bjugn kommune

Tidlegare kommune i Trøndelag fylke i Noreg
(Omdirigert frå Bjugn)

Bjugn er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Kystkommunen låg på Fosenhalvøya i Trøndelag fylke, og hadde fire tettstader med Lysøysund og administrasjonssenteret Botngård som dei største. Kommunen grensa til Åfjord i nord, Rissa i aust og Ørland i vest. 1. januar 2020 blei kommunen slått saman med Ørland kommune.[1]

Bjugn kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Botngård
Areal 384 km²
 - land 356 km²
 - vatn 28 km²
Målform bokmål
Ordførar Ogne Undertun (Ap)
Kommunenr. 5017
Kart
Bjugn kommune
63°48′24″N 9°53′53″E / 63.806666666667°N 9.8980555555556°E / 63.806666666667; 9.8980555555556
Wikimedia Commons: Bjugn
Nettstad: www.bjugn.kommune.no

Kommunevåpenet til Bjugn viser eit ror i gullblå botn. Dette blei vedteke av kommunen i april 1987 og godkjent i statsråd i 1989.

Utsyn over Eide i Bjugn

Geografi endre

Bjugnfjorden, Tarvafjorden og Stjørnfjorden skjer inn i kommunen. Været og Karlsøya er øyar som ligg langt frå fastlandet sør i kommunen, medan Melsteinen ligg i nord.

Seksortklumpen på 490 moh. er høgaste fjellet, men det noko lågare Kopparn 483 moh. er eit meir imponerande og velkjent landemerke.

Historie endre

Det finst mange spor frå eldre jernalder i kommunen, for det meste gravhaugar, som ligg konsentrert i særskilde område langs kysten.

Sildefiske var lenge ein viktig næringskjelde i området som no er Bjugn kommune, og det blei etablert to fabrikkar for sildolje og sildemjøl her på 1950-talet.

I 1899 blei Bjugn delt opp herada i Stjørna, Bjugn og Nes. I 1964 blei herada Jøssund, Nes, Bjugn og nord-Stjørna slått saman til Bjugn kommune.

Natur endre

Engstorkenebb er kommuneblomen til Bjugn.

Kultur endre

Mølnargården er bygdatun og museum for Bjugn. Her blir kvart år det historiske spelet Mølnargårdsspellet, som skildrar Bjugn-historia frå steinalderen til 1900-talet, vist fram. Dette var det første utandørsspelet som blei laga til i Sør-Trøndelag.

Folk frå Bjugn endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre