Edvard Ingjald Moser (fødd 27. april 1962 i Hareid) er ein norsk psykolog. Han er professor ved NTNU, der han er leiar for Institutt for systemnevrovitskap[1]. I 2014 fekk han Nobelprisen i medisin saman med May-Britt Moser, som han var gift med, og læremeisteren deira John O'Keefe, som starta forskinga dei fekk prisen for.[2]

Edvard Moser

Fødd27. april 1962
Ålesund kommune
NasjonalitetNoreg
Områdenevrovitskap
Yrkeprofessor, hjerneforskar, psykolog, forskar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversity of Edinburgh
Universitetet i Oslo
EktefelleMay-Britt Moser
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Norges Tekniske Vitenskapsakademi
National Academy of Sciences
Academia Europaea
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Nobelprisen
Nobelprisen i medisin
2014

Moser har doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han har særleg bidrege betydeleg innanfor studiet av hippocampus, med særleg vekt på hugset og evna til romleg orientering.

Referansar endre

  1. «Leaders», ntnu.edu. Vitja 6. oktober 2014.
  2. The 2014 Nobel Prize in Physiology or Medicine - Press Release Nobelprize.org. Vitja 6. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff endre