May-Britt Moser (fødd 4. januar 1963 i Fosnavåg) er ein norsk psykolog og professor ved NTNU, der ho er leiar for Centre for Neural Computation[1]. I 2014 fekk ho Nobelprisen i medisin saman med eksmannen Edvard Moser og deira faglege mentor John O'Keefe, som starta forskinga dei fekk prisen for.[2] Prisen vart tildelt for deira arbeie på gitterceller i entorhinalkorteks.

May-Britt Moser

Fødd4. januar 1963
Fosnavåg
NasjonalitetNoreg
Områdenevrovitskap
Yrkeprofessor, hjerneforskar, psykolog, forskar
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Universitetet i Oslo
Alma materUniversity of Edinburgh
Universitetet i Oslo
EktefelleEdvard Moser
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Norges Tekniske Vitenskapsakademi
Academia Europaea
National Academy of Sciences
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
American Philosophical Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Nobelprisen
Nobelprisen i medisin
2014

May-Britt Moser saman med ektefellen hennar, Edvard Moser. Biletet blei tatt då statsminister Erna Solbergs vitja NTNU i mars 2014.
Foto: Henrik Fjørtoft/NTNU Komm.avd.

Moser har doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Ho har særleg bidrege betydeleg innanfor studiet av hippocampus, med særleg vekt på hugset og evna til romleg orientering.

Utdanning og forskning

endre

May-Britt Moser vart utdanna psykolog frå Universitet i Oslo i 1990. Ho fullførte doktorgraden i nevrofysiologi ved Universitet i Oslo i 1995,[3] med rettleiing frå professor Per Andresen. May-Britt Moser var postdoc ved senteret for nevrovitenskap, Universitet i Edinburgh, Skottland, frå 1994 til 1996. I denne perioden var jobba ho også ved laboratoriet til John O'Keefe ved University College London i to månadar.

May-Britt Moser vart utnemnd til fyrsteamanuens i biologisk psykologi ved NTNU i 1996, og professor i nevrovitenskap i 2000.

Referansar

endre
  1. «Leaders», ntnu.edu. Vitja 6. oktober 2014.
  2. The 2014 Nobel Prize in Physiology or Medicine - Press Release Nobelprize.org. Vitja 6. oktober 2014.
  3. Moser, M-B. (1995). Structural correlates of spatial learning in the hippocampus of adult rats. Thesis for the degree of Ph.D, University of Oslo (Defended, 9 December 1995)

Bakgrunnsstoff

endre