Efjordbruene
Efjordbruene er tre bruer som kryssar Efjorden i Narvik kommune i Nordland. Bruene vart opna 14. september 1969, og er del av europaveg 6. Brusambandet erstatta ferjesambandet mellom Forså og Sætran, som hadde vore i drift sidan 1941.
| |||
Type | gruppe av bruer | ||
---|---|---|---|
Stad | Narvik | ||
Opna | 14. september 1969 | ||
Strekning | Europaveg 6 i Noreg | ||
Største spenn | 200 m | ||
Kryssar | Kjerringvikstraumen | ||
Utforming | hengebru | ||
Efjordbruene 68°17′36″N 16°29′13″E / 68.29324°N 16.48687°E |
Efjordbruene og vegen mellom Sætran og Forså er foreslege verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.[1]
Kjerringvikstraumen bru
endreKjerringvikstraumen bru er den nordlegaste av dei tre bruene. Ho er ei hengebru med total lengd 551 meter, lengste spenn 200 meter og seglingshøgde 18 meter. Brua har 15 spenn. Brua kryssar Kjerringvikstraumen mellom fastlandet og Storøya. Denne brua er særmerkt ved at ho har berre eitt tårn, midt på brua.
Mellastraumen bru
endreType | gruppe av bruer | ||
---|---|---|---|
Stad | Narvik | ||
Opna | 14. september 1969 | ||
Strekning | Europaveg 6 i Noreg | ||
Kryssar | Mellastraumen | ||
Utforming | bogebru | ||
Efjordbruene 68°17′36″N 16°29′13″E / 68.29324°N 16.48687°E |
Mellastraumen bru er ei bogebru med lengde 143 meter og seglingshøgd 15 meter. Brua kryssar Mellastraumen mellom Storøya og Hallvardøya.
Sørstraumen bru
endreType | gruppe av bruer | ||
---|---|---|---|
Stad | Narvik | ||
Opna | 14. september 1969 | ||
Strekning | Europaveg 6 i Noreg | ||
Kryssar | Sørstraumen | ||
Utforming | bjelkebru | ||
Efjordbruene 68°17′36″N 16°29′13″E / 68.29324°N 16.48687°E |
Sørstraumen bru er den sørlegaste av bruene. Ho er ei bjelkebru med lengde 162 meter og seglingshøgde 2 meter. Brua kryssar Sørstraumen mellom Hallvardøya og fastlandet. Sørstraumen bru i Efjord må ikkje forvekslast med brua med same namn som kryssar Kvænangen i Troms.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Efjordbruene» henta frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2008.
- Bokmålsartikkelen oppgav denne kjelda:
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2007-11-11 ved Wayback Machine. (sjå avsnittet om Efjordanlegget)
Bakgrunnsstoff
endre- Efjord.info: Bilete av alle tre bruene Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Nordlandsportalen: Bilete av Kjerringvikstraumen bru Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine.
- Nordlandsportalen: Bilete av Mellastraumen bru Arkivert 2007-10-20 ved Wayback Machine.
- Nordlandsportalen: Bilete av Sørstraumen bru Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine.