Egil Olsen (1948-2018)

norsk fotballspelar
For Egil Roger Olsen, sjå Drillo.

Egil Olsen (23. juli 194827. juni 2018) var ein norsk fotballspelar frå Drammen. Han var midtbanespelar på Strømsgodset-laget som i 1969 sigra i NM-finalen og som året etter vann både seriemeisterskapen og noregsmeisterskapen. Olsen fekk i 1970–71 landskampar for Noreg.

Egil Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1948
Drammen kommune
Død

27. juni 2018 (69 år)
Rælingen

Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Olsen spelte i 1965 og 1966 på IF Sparta, eit lag frå Lierstranda, i 5. divisjon. Han utmerkte seg elles på det norske juniorlandslaget og var frå 1967 aktiv i det nyopprykte toppserielaget Strømsgodset IF. 2. november 1969 skåra han det fyrste målet då laget frå Drammen vann finale-omkampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1969 mot Fredrikstad FK med 5 mål mot 3. Året etter bidrog han til at Strømsgodset gjekk til topps i 1. divisjon og slo Lyn med 4–2 i cupfinalen. Sesongane 1972 og 1973 var Olsen Skeid-spelar, eit lag midt på 1. divisjons-tabellen. Deretter var han atter Strømsgodset-spelar i 1974 og 1975, før han til sist var i sjå i Oslo BK si drakt i ein av dei lågaste divisjonane i seriesystemet.

Landslagsspel endre

20. juli 1970 fekk Olsen sin landslagsdebut for Noreg. Saman med klubbkameratane Tor Alsaker-Nøstdahl og Steinar Pettersen var han i Reykjavik med på å vinne 2–0 over Island. Haustsesongen 1971 spelte Olsen tre til landskampar.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1969 og 1970 med Strømsgodset IF
  • Seriemeister: 1970 med Strømsgodset IF

Kjelder endre