Eide er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Eide og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.

Eide
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Som namnet viser til så ligg garden på eit eid eller ei landtunge mellom to vågar og mellom gardane Uthaugen og Muren. Garden vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1590. Uttalen av namnet er «eie» i daglegtalen.

Kjelder

endre
  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.